Skuleskyss

Teneste 2230 skuleskyss gjeld transport tll og frå skule, medan transport i skuletida (t.d. symjeopplæring) blir ført på teneste 2120 grunnskule. Fylkeskommunen organiserer både ordinær skyss og tilpassa skyss for elevar med særlege behov. Kommunen betaler ein eigenandel som tilsvarer enkeltbillett på buss etter ordinær takst, både for ordinær skyss og tilpassa skyss. Dette gjeld óg skyss for elevar ved private skular, der kommunen har plikt til å betale skyss til kommunegrensa.

Alle skulane unntatt Giske skule har skuleskyss. For elevar i 1. klasse er skyssgrensa 2 km, for eldre elevar er skyssgrensa 4 km.

Tenesteområdet skuleskyss hadde ei ramme på kr. 1.593.000 men brukte kr. 388.000 over budsjettet.