Heimebaserte tenester
Det vert levert heimebaserte tenester både i bukollektiv, bufellesskap, omsorgsbustader, og i heimen til brukaren, som BPA (brukarstyrt personleg assistanse) og kvardagsrehabilitering. Heimebasert teneste er den største tenesta i omsorgsdistrikta og vert gitt til brukarar i alle aldrar. Den står føre ei tid med fokus på tenesteutvikling, tverrfagleg samarbeid, digitalisering og nye arbeidsmetodar. Tenestene er i tett samarbeid med tildelingskontoret i vurdering og utmåling av teneste. Målet er at brukaren vert sjølvhjelpt så langt som råd og skal bli meir aktiv i eige liv. Kvardagsrehabilitering er implementert som fast teneste i kommunen og heimebaserte tenester har fått opplæring i modellen som skal vere ein aktiv del av tenesteytinga. Det vert framover ei nøye vurdering av kva ein kan tildele av velferdsteknologiske løysingar som første val. Tenestene merkar ei auke både i tal på brukarar og i kompleksiteten innan pleie og omsorgstenestene. Nye måtar å yte teneste på vert avgjerande for at kommunen skal klare å møte framtidige behov. Spesialisthelsetenesta gjer kutt i sine tenester og kommunen merkar godt at brukarane kjem raskare heim og er dårlegare enn tidlegare. Dette fører til eit stort press på heildøgnsplassane og auka krav til meir tenesteyting i heimane.
Utviklinga viser ei markant auke både i tal på brukarar, tal på tildelte tenester og tal på elektroniske meldingar (sjå tabell). Tildelingskontoret vart etablert i 2016 og har 2,3 årsverk i saksbehandling innan helse og omsorg. Kontoret har så langt handtert auken utan å få tilført ressursar, men særleg frå 2018 opplever kontoret auken i arbeidsoppgåvene som svært krevjande. Utfordringa vidare vert å ha økonomisk berekraftige tenester, yte fagleg forsvarlege tenester, rekruttere rett og god kompetanse, rett tildeling av tenester innan BPA, bu- og tenestetilbod til barn og unge med spesielle behov, møte auken innan demens, auka forventing til kva kommunale tenester skal yte og halde tritt med behov, krav og utvikling.
Kommunebarometeret for 2018 viser at Giske kommune yter svært gode omsorgstenester og ligg som nr. 15 på landsbasis. Sjå tabell under.
Kostra, omsorg 2018
Nøkkeltall | Enhet | Giske | Kostragruppe 11 | Landet utan Oslo |
---|---|---|---|---|
Utgifter kommunale helse- og omsorgstenester per innbyggar | kr | 22 477 | 32 238 | 27 206 |
Årsverk helse og omsorg per 10 000 innbyggar | årsverk | 273,6 | 374,5 | 311,5 |
Netto driftsutgifter til omsorgstenester i prosent av kommunens samla netto drift | Prosent | 27,3 | 34,7 | 31,9 |
Andel brukarretta årsverk i omsorgstenesta med helsesutdanning | prosent | 79,0 | 75,4 | 74,8 |
Andel brukertilpassede enerom med eget bad/wc | Prosent | 100 | 92,1 | 89,7 |
Andel private institusjonsplasser | prosent | 0,0 | 0,1 | 5,4 |
Netto driftsutgifter til kommunehelsetenesten i prosent av kommunens samlede netto driftsutgifter | prosent | 4,6 | 4,9 | 4,8 |