7 Pleie og omsorg
Drift
PLEIE, OMSORG OG SOSIAL | Regnskap | Per.b(end) | Budsjett | Regnskap | |
---|---|---|---|---|---|
Teneste | Alle tal i heile 1000 | 2018 | 2018 | 2018 | 2017 |
1260 | SAKSBEHANDLING - FELLES | -4 | - | - | -198 |
2340 | AKTIVISERING AV ELDRE OG FUNKSJONSHEMMA | 217 | -104 | -22 | 243 |
2343 | KJØKKEN (MAT TIL HEIMEBUANDE) | 830 | 191 | 191 | 355 |
2344 | KAFEDRIFT | - | - | - | 2 |
2421 | FLYKTNINGKONTOR | 2 126 | 1 661 | 1 661 | 2 406 |
2530 | PLEIE, OMSORG, HJELP I INSTITUSJON | 6 413 | 5 996 | 6 374 | 5 828 |
2531 | INSTITUSJONSKJØKKEN | 382 | 246 | 246 | 331 |
2540 | PLEIE, OMSORG, HJELP TIL HEIMEBUANDE | 50 887 | 51 603 | 50 076 | 52 309 |
2541 | BUFELLESSKAP PSYKIATRI VALDERØY | 9 598 | 6 988 | 7 540 | 6 407 |
2542 | NATTENESTE HEIMEBASERT OMSORG | 5 554 | 4 700 | 5 973 | 4 971 |
2543 | AVLASTNING | 776 | 249 | 249 | 353 |
2544 | BRUKERSTYRT PERSONLEG ASSISTENT | 5 017 | 4 157 | 5 157 | 2 760 |
2545 | RESET BUFELLESSKAP - DRIFT | 3 | 79 | 6 | |
2546 | GISKE OMSORGSSENTER | 22 322 | 22 305 | 19 987 | 21 562 |
2547 | VIGRA OMSORGSSENTER NORDSTOVA | 3 637 | 3 510 | 1 405 | 3 630 |
2548 | BUFELLESSKAP FUNKSJONSHEMMA | 16 463 | 15 262 | 15 814 | |
2549 | KVARDAGSREHABILITERING OG VELFERDSTEKNOLOGI | 19 | - | - | -69 |
2550 | MEDFINANSIERING SOMATISKE TENESTER | - | - | - | 14 |
2610 | INSTITUSJONSLOKALER | - | - | - | 14 |
2650 | OMSORGSBUSTADAR | 23 | 24 | 24 | 23 |
2750 | INTRODUKSJONSORDNINGEN | 4 682 | 3 445 | 3 445 | 5 076 |
3015 | KOMMUNALT KARTVERK | 1 | - | - | - |
Sum gruppeansvar | PLEIE, OMSORG OG SOSIAL | 128 947 | 120 313 | 118 197 | 122 281 |
Investering
7 PLEIE, OMSORG OG SOSIAL | Regnskap | Buds(end) | Budsjett | Regnskap | |
---|---|---|---|---|---|
Prosjekt | Alle tal i heile 1000 | 2018 | 2018 | 2018 | 2017 |
1301 | OMSTILLING GJENNOM BRUK AV IKT, DIGITALISERING OG NY TEKNOLOGI | - | - | - | 302 |
3402 | BILER TIL OMSORGSTENESTA | - | - | - | -10 |
3726 | BIL VIGRA OMSORGSDISTRIKT | -5 | - | - | - |
Sum : 7 PLEIE, OMSORG OG SOSIAL | -5 | - | - | 292 |
Tenestene i ramme 7 vert gitt av Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt , Valderøy omsorgsdistrikt, tildelingskontoret og flyktningtenesta. Ny eining Mestring og psykisk helse vart etablert 1.oktober 2018. Bufellesskap rus/psykiari og bufellesskap mennesker med funksjonshemming frå Valderøy omsorgsdistrikt, rustenesta frå NAV og psykisk helseteam voksne frå eining barn, familie og helse vart flytta inn i ny eining.
Økonomi
Ramme 7 har eit samla meirforbruk på kr 8 634 000. Meirforbruket ligg til mellom anna Valderøy omsorgsdistrikt med om lag kr 5 mill. og 1,4 mill. i Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt. Årsak til meirforbruket er blant anna avslutta ressurskrevjande brukar og ny brukar tidleg på året. Bufellesskapa hadde eit meirforbruk på 3,7 mill. Introduksjonsordninga hadde eit meirforbruk med 1,2 mill. Tenesta avlasting meirforbruk på 0,5 mill. Tenesta BPA meirforbruk på 0,8 mill. Det ligg om lag 3 mill. høgare utbetaling av pensjon og abeidsgivaravgift som ikkje var budsjettet.
Måloppnåing
Tenestene har nådd målet om å etablere tilbod til utskrivingsklare brukarar frå helseføretaket innan rus og psykiatri. Mål nådd juni 18. Øyeblikkeleghjelp-døgntilbod er vidareført og utvikla vidare. 6 brukarar nytta tilbodet i 2018. Kvardagsrehabilitering er vedteke som fast teneste i kommunen. Tenesta leverer lovpålagde tenester etter helse- og omsorgstenestelova, jobbar førebyggjande, intensivt, tidleg innsats og har fokus på kva som er "viktig for deg?" Det er lagt ned eit stort arbeid for å rulle ut kvardagsrehabiliteringsmetoden i dei heimbaserte tenestene. Det er kritisk viktig å halde fokuset oppe og at tenestene vert følgt opp av spesialistane i kvardagsrehabiliteringsteamet.
Tenestene har ikkje nådd målet om å etablere dagtilbod for demente ved Vigra omsorgssenter, men det er i år sett ned ei arbeidsgruppe som arbeider for å få til dette i samarbeid med frivillegheita og vidaregåande skule. Arbeidsgruppa jobbar også med andre tiltak for å i møte kome den store auka innan tal demente i kommunen.
Tenesteutvikling, digitalisering og velferdsteknologi:
Tenestene har lagt til grunn Helse- og omsorgsplan 2016-2020 og bustadsosial handlingsplan 2017- 2020 i utviklingsarbeidet. Strategisk kompetanse- og rekrutteringsplan helse og omsorg vart vedteken i 2018. Einingane skal vidare operasjonalisere denne planen, vi må vite kva vi treng og kva som skal prioriterast i tida framover.
Høg kompetanse i personalgruppa gir betre tenester og ein kan yte meir med mindre.
Tenestene har stort fokus på digitalisering og bruk av ny teknologi og deltek i omstillingsprogrammet i kommunen. Vi hadde i 2018, 80% prosjektleiar innan velferdsteknologi. Ressursen gjer at vi klarer å halde fokus og framdrift på området. Giske kommune hadde eit stort anbod på velferdsteknologi i fjor. Vi lyste ut anbod på tryggleiksalarmar, digitalt tilsyn, GPS, alarmsentral og plattform for velferdsteknologi. Det vart lagt ned eit stort arbeid frå prosjektleiar, einingsleiarar og frå rådmannsnivå. Det var viktig for å få eigarskap til arbeidet som skal skje lokalt. Velferdsteknologi vert ein viktig del av tenestetilbodet og skal alltid vurderast først inn når nytt behov melder seg.
Tenestene har i dag blant anna tatt i bruk ny alarmsentral, GPS, elektriske dørlåsar, digitale tryggleiksalarmar, telemedisinsk tilsyn med ulike sensorar og smarte dører. E-læringskurs vert nytta i stor grad i tenestene både for å skaffe seg informasjon men også for å ta kurs i til dømes medisinhandtering. Digital innbyggjardialog vart rulla ut hausten-18 og er eit godt tilbod for innbyggjaren. Giske kommune har laga sin eigen film om velferdsteknologi https://www.youtube.com/watch?v=fPqvNNYaVuw . Giske kommune har også laga brosjyre om velfersteknologi og sendt ut denne til innbyggjarane i lag med eit brev frå kommunen. Elektronisk utgåve av brosjyra om velferdsteknologi ligg her.
Velferdsteknologiske verkty effektiviserer og forenklar kvardagen og betrer tilbodet til brukaren. Dei tilsette er både motiverte og engasjerte og ser effekt av å jobbe på andre måtar.
Tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid:
Tenestene har stort fokus på tverrfagleg samarbeid og nytte ressursane fleksibelt på tvers. Dette står som eit viktig mål også for 2019.
Ny organisering av helse og omsorgstenestene:
Ramme 6, einingane i ramme 7 og tildelingskontoret var våren 2018 med på eit arbeid om ny organisering av helse- og omsorgstenestene i Giske kommune. Det vart sett ned ei arbeidsgruppe beståande av leiarar, tilitsvalde og politikarar frå komiè for helse og omsorg. Eit omfattande arbeid vart lagt ned, med god innvolvering av alle tilsette. Vi er godt fornøgde både med prosessen og resultatet. Ny organisering vart vedteken i kommunestyre 14. juni 2018. For ramme 7 vart følgjande endringar: Etablert ny eining Meistring og psykisk helse der psykisk helseteam voksne og Kingelveven dagtibod vart flytta over frå ramme 6, rustenesta vart flytta over frå NAV Giske, bufellesskapa Gudmundvegen, Skomakarvegen og Løkevegen vart flytta over frå Valderøy omsorgsdistrikt. Natt-tenesta vart samla i Valderøy omsorgsdistrikt.
Personale
Mål om nærvær på 95% er ikkje nådd. VGG hadde eit samla sjukefråvær på 6,1%. VAOMS hadde eit samla sjukefråvær på 9,9%. Dette er likevel ein nedgang frå 2017 med om lag 1%. Einingane deltek i IA-arbeidet NED med sjukefråværet som starta i 2018 og fortset vidare i 2019. Satsinga er eit samarbeid mellom NAV, KS og Giske kommune.
Einingane har stort fokus på godt arbeidsmiljø, god og tett oppfølging av dei tilsette, tilrettelegging, rettleiing, etiske refleksjonsgrupper og utvikling av fag og kompetanse.