Institusjonstenester

Giske kommune har åtte institusjonsplassar ved Vigra omsorgssenter dement avdeling Skogly. Kommunen når målet om 30 minutt tilsynslege kvar veke til desse brukarane. Mange har behov for plass, og vi har til ei kvar tid fylt opp institusjonsplassane. Vi jobbar med å tilrettelegge for skjerming for å kunne yte best mogleg og forsvarleg tilbod til dei som bur der. Dei tilsette har høg kompetanse innan demens og utviklar seg i takt med behov, lover og forskrifter. Giske kommune leverer eit tilbod av høg kvalitet ved Vigra omsorgssenter. Det er auka vekst i tal demente og det er venta ei dobling innan dei neste 10-15 åra, frå 70.000 til 140.000 på nasjonalt plan. Behov for tenester til innbyggjarar med demens liding aukar. Vi har sett i gong arbeid med å tilrettelegge for differensierte tilbod, t.d meir dagtilbod og andre lavterskeltilbod som aktivitetsvenn.