Bygg og eigedomsavdelinga

Bygg- og eigedomsavdelinga har ansvar for drift og vedlikehald av alle kommunale eigedomar. Avdelinga har i 2018 tatt i bruk nettbrett og driftssystemet IK bygg.

Avdelinga greidde ikkje å halde drifta innanfor vedtekne rammer, sjølv med stillingsreduksjon og restriktiv bruk av vikarar. Kostnader med service- og vaktavtalar (t.d. straum, alarmar, bygg, heis) vart dyrare enn budsjettert, straum heile kr 637.000 over budsjett, og elles overforbruk på diverse vedlikehald av bygga. Med så stramme rammer vart det kritikk for manglande tenester både når for reinhald og vedlikehald. Utvida driftsareal gjorde driftssituasjonen særleg krevjande. Dei siste åra har gamle Valderøy barneskule i aukande grad blitt tatt i bruk, og i tillegg er det kjøpt inn fleire undervisningsbrakker for å avhjelpe romsituasjonen ved Vigra skule og Valderøy ungdomsskule. I perioden har budsjettrammene blitt redusert frå 37,7 millionar kr i 2016 til 32,2 millionar kr i 2018. Det var elles ei feilbudsjettert inntekt på kr 565.000 og inntektssvikt på husleige på kr 588.112. Vi fikk ein kostnad på grunn av tomme bustader på kr 330.000 (betalt til stiftinga) og eit meirforbruk på løn på kr. kr 523.000. Samla avvik vart på kr 3.168.167.932.