Grunnskule

Elevtal i grunnskulen i Giske 2008-09 til 2018-19

Måloppnåing

Innan oppvekst vart det arbeidd med fleire prosjekt som alle grip inn i kvarande på ulike måtar med mål om å gi betre tilpassa tilbod i daglege og framtidige behov. Giske oppvekstsenter kom i gang med eit spanande og aktuelt miljøprosjekt med foreldra som viktige medspelarar: resirkulering, avfallssortering og kompostering og strandrydding. Samspelskommunen i praksis.

Framtidsbarnehagen og Framtidsskulen.no! var det overgripande prosjektet, og ein del av kommunen sitt omstillings- og digitaliseringsprosjekt Giske.2030. Nettbrett i opplæringa og bruk av Facebook opna for tettare samarbeid og dialog mellom dei tilsette, med elevane og med foreldra. Digital dialog har erstatta papirmeldingar. Med nettbrett kan læraren t.d. gi direkte munnleg og skriftlege kommentar på eleven si leselekse og skriftlege arbeid. Foreldra får del i denne kommunikasjonen.

Koding og programmering skapte stor interesse men skal utviklast vidare. Vigra skule arbeidde tett med ein forskar frå Høgskulen i Volda (HVO) med vurderingspraksis og arbeid med multiple tekstar, og i "Digihand» om digital versus tradisjonell opplæring /handskrift. Tverrfagleg innsats fekk gode tilbakemeldingar. Innan spesialpedagogiske tiltak var TALK-prosjektet (Teknikk og ArbeidslivsKunnskap) høgast prioritert med mål om betre tilrettelegging for elevar innan autismespekteret. Skulane la vekt på betre bruk av kompensatoriske læremiddel til elevar med dysleksi gjennom kurs og gjennomgang i kollegia.

Etablering av skaparverkstadar på Giske og Vigra gir ein god arena for praktisk og kreativt arbeid, innovasjon som vi skal leve av i framtida. Saman med NTNU sitt tilbod om innovasjonslab/Newton-rom vil dette kunne gi inspirasjon og fagleg påfyll.

Rullering av kvalitetsplanen

I rullering av kvalitetsplan for oppvekst 2018-2021 vart nasjonale føringar og kommunale prioriteringar lagt til grunn saman med erfaringar frå prosjekta ein har hatt og digitaliseringsarbeidet. Fokus i planen er livsmestring som også inkluderer livet i det digitale samfunn. I samarbeid med psykisk helseteam og skulehelsetenesta kom ein i gong med livsmeistringsteknikkar for barn (Hjelpehanda). Djupnelæring som prinsipp gir god meining og auka forståing.

Realfagskommunen og digitalisering

Realfagskommunen Giske (nasjonalt prosjekt), Ungdomstrinn i utvikling (nasjonalt prosjekt), og vidareutvikling digitale verkty og arbeidsmåtar skapte endring med meir praktisk læring. Fomstilling som utfordrar . Det vart arrangert to større konferanser: Digital oppvekst (15.mars, med 400 deltakarar) og Energisk (18. oktober) med vekt på arbeid i klasserom og avdelingar (barnehagen). Saman med eksterne krefter som Andreas Wahl, nasjonale og internasjonale eksperter viste våre eigne tilsette opplegg frå kvardagen i barnehagar og skular. Dette arbeidet vart følgt opp både før og etter konferansene. Med stor eigeninnsats og konferanseavgift gjekk digitaliseringskonferansen i balanse. Prosjekta tilførte barnehagar og skular mykje god kompetanse og skaparkraft som utvikla opplæringstilbodet.

Elevar i private skular

Giske har ingen private skular, men vi hadde i 2018 til saman 12 elevar ved private skular i Ålesund - Steinerskolen, Møre ungdomsskule og Aalesund International School.

Ved tildeling av rammetilskot gjennom statsbudsjettet vart det gjort trekk i tildelinga på 109.300 kroner for kvar elev i private skular, basert på eit gjennomsnittleg elevtal per 1. oktober 2016 og 1. april 2017. Giske kommune vart i 2018 trekt 373.000 kroner for elevar ved private skular.

Økonomi

Grunnskulen nådde ikkje det økonomiske resultatmålet, sjå kommentar under økonomi oppvekst. Likevel ser ein at Giske kommune samanlikna med vår kommunegruppe driv grunnskulen effektivt, sjå diagram:

Personale

Nye kompetansekrav i grunnskulen (30/60 studiepoeng i faga matematikk, norsk og engelsk og 30 stp i alle fag unnateke utdanningsval og valfag) gjer at ei rekkje lærarar må ta vidareutdanning. I 2018 var 12 lærarar i utdanning, dei fleste med permisjon. Dette er krevjande både for tilsette og skular då det fører til auka vikarbruk. SRO har over år fått til regionale tilbod lagt til Ålesund for vidareutdanning av leiarar og lærarar noko som sparer utgifter og reduserer tidsbruk for deltakane. Valderøy ungdomsskule melde seg som praksisskule for Høgskulen i Volda noko som også kan gi kompetanseløft og vere til gjensidig nytte. Eit par andre skular vurderer også å søkje om å bli praksisskular - å knytte praksis og forsking saman er framtidsretta i eit samfunn der livslang læring blir normen.

Sjukefråværet for skulane var på 6,46%, men varierte noko (i parentes 2017): Vigra 6,0% (11,2%), Valderøy barneskule 4,28% (6,7%),Giske 9,2% (7,8%), Godøy 6,93% (3,8%) og Valderøy ungdomsskule 9,9% (7,1%). Vikarbruken har vore avgrensa med omorganisering og ekstra innsats for å få forsvarlege tilbod. Høgt sjukefråver er krevjande for skulane. Ved langtidsfråvær blir det nytta fast vikar. Kommunen er IA-bedrift og saman med personalavdelinga, arbeidslivssenteret Meidi3 vart det arbeidd systematisk med arbeidsmiljø og tilrettelegging.

Spesialundervisning

Ein forholdsvis stor del av elevane i Giske har vedtak om spesialundervisning - 12,4% i 2018 mot 11,1% i 2017. Tala på landsbasis er 7,9% begge åra. Dei gjennomsnittlege vedtaka i Giske er noko lågare enn landssnittet: Giske 211 årstimar, heile landet 258 årstimar*). I tillegg er samordninga sterkare i Giske enn i landet for øvring, slik at vi brukar 105,5 lærartimar til kvar elev som får spesialundervisning, på landsbasis får kvar elev i snitt 137,6 timar.

På oppdrag av Giske kommunestyre er det no sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på spesialundervisninga. Denne gruppa vil legge fram ein rapport for kommunestyret til sommaren.

(Kjelde: https://www.ssb.no/kommunefakta/kostra/giske/grunn...)

*) Eiga utrekning.

Prosent

Andel elevar med spesialundervisning

Prosent

Spesialundervisning - andel timar til spesialundervisning av undervisningstimar totalt

Netto drifsutgifter i grunnskulesektoren per innbyggar 6-15 år