PPT

95 tilmeldte individsaker, 113 sakkunnige vurderingar, bidratt i 4 mobbesaker samt kartlagt og rettleiar i 3 læringsmiljøsaker. Kontoret har leia to arbeidsseminar kring autisme på skulen og to for barnehagar. Kontoret har fristbrot i 30% av dei tilmelde sakene. Målet om at sakene skal vere starta opp innan 3 mnd og sakkunnig vurdering ferdigstilt innan 6 mnd er dermed delvis nådd. Årsak til dette er at tenesta har hatt ledig stilling og sjukmelding.

Kontoret har kontinuerlege drøftingar med rektorar og styrarar som tek kontakt angåande ulike problemstillingar. PPT har ei effektiv drift og det er stor tenesteproduksjon sett i høve til at kontoret ligg betydeleg under talet på stillingar som kommunestyret har gjort vedtak om. Ein har ikkje nådd mål om å tilføre fleire årsverk til tenesta.Tenesta har arbeidd med systemretta tiltak i både skule og barnehage. Samarbeidet gjer at ein kjem tidlegare inn i sakene og det bidreg til at ein kan arbeide meir førebyggande og samanhengande. Tenesta har arbeidd med utviklingsarbeid kring barn med autisme-diagnosar, mellom anna gjennom det tverrfaglege prosjektet TALK.