3 Fellesutgifter - fellesinntekter
Fellesutgifter - fellesinntekter omhandlar fylgjande tenesteområde:
På dette ansvarsområdet blir det ført inntekter og utgifter som er felles for heile kommunen sin organisasjon og som ikkje kan knytast opp mot einskilde einingar eller stab. Døme på dette er:
- Felles personaltiltak / arbeidsmiljø
- Generelle arbeidsmiljøtiltak
- Diverse fellesfunksjonar:
- Felles IT program, maskinvare og serviceavtaler.
- Felles datakommunikasjon
- Telefon og telefax
- Frankering – porto
- Kontingent til KS
- Felles pensjonsutgifter/inntekter - premiefond.
- Premieavvik blir samla her frå 2011.
- Løn til hovudtillitsvalde
- Utgifter til bedriftshelseteneste
Drift
Regnskap | Buds(end) | Budsjett | Regnskap | ||
---|---|---|---|---|---|
2018 | 2018 | 2018 | 2017 | ||
Teneste | 3 FELLESUTGIFTER/FELLESINNTEKTER | ||||
1212 | GENERELLE PERSONALPOLITISKE TILTAK | 1 091 | 1 559 | 1 503 | 1 195 |
1215 | GENERELLE ARBEIDSMILJØTILTAK | 1 018 | 621 | 621 | 967 |
1240 | DIVERSE FELLESFUNKSJONAR | 10 014 | 8 836 | 8 836 | 8 944 |
1700 | ÅRETS PREMIEAVVIK KLP | -8 670 | -10 371 | -10 371 | -2 918 |
1701 | ÅRETS PREMIEAVVIK SPK | 424 | 391 | 391 | 336 |
1710 | AMORTISERT PREMIEAVVIK KLP | 4 552 | 4 814 | 4 814 | 4 488 |
1711 | AMORTISERT PREMIEAVVIK SPK | 119 | 142 | 142 | 137 |
1720 | PENSJON | 117 | -2 | -2 | 126 |
1730 | PREMIEFOND | -7 379 | 230 | 230 | -4 749 |
1800 | DIVERSE FELLESUTGIFTER | 19 | - | 6 441 | 15 |
2110 | BARNEHAGE | 154 | 222 | 222 | 164 |
2120 | GRUNNSKOLE | 26 | 149 | 149 | 152 |
2343 | KJØKKEN (MAT TIL HEIMEBUANDE) | 55 | 110 | 110 | 87 |
2411 | FYSIO-/ERGOTERAPITENESTE | 3 | - | - | - |
2540 | PLEIE, OMSORG, HJELP TIL HEIMEBUANDE | 438 | 730 | 730 | 582 |
2546 | GISKE OMSORGSSENTER | 220 | - | - | 53 |
2547 | VIGRA OMSORGSSENTER NORDSTOVA | 22 | - | - | - |
2548 | BUFELLESSKAP FUNKSJONSHEMMA | - | - | - | 28 |
Sum 3 FELLESUTGIFTER/FELLESINNTEKTER | 2 224 | 7 432 | 13 816 | 9 606 |
Rammeområde 3. Fellesutgifter – fellesinntekter viser eit mindreforbruk i netto driftsutgifter på kr 5 208 000.
Generelle personalpolitiske tiltak - har eit mindreforbruk på 468 000. Til tenesta ligg blant anna frikjøp av tillitsvalde. Mindreforbruket skriv seg i stor grad frå høgre refusjon frå fagforeningane enn budsjettert
Generelle arbeidsmiljøtiltak - overforbruk kr 397 000, som i hovudsak kjem av for lavt budsjetterte utgifter til bedriftshelseteneste.
Diverse fellesfunksjonar - meirforbruk 1,178 mill kr. Samansett av forsikring, betaling til eKommune, IKA og lisensar og serviceavtalar.
Premieavvik vert budsjettert som inntekt – amortiseringa ei utgift, avviket er på 1,4 mill kr. Meirforbruk vert oppvegd av bruk av premiefond som vart 7,6 mill kr. Begge deler må sjåast i sammenheng med pensjonskostnadane som er fordelt på einingane, netto vart det eit samla meirforbruk på pensjonsutgifter på 933 000.
Premieavviket er differansen mellom den berekna pensjons-kostnaden som vert ført i rekneskapen og premien som faktisk er betalt. Den betalte premien vil blant anna avhenge av avkastninga pensjonstilbydaren oppnår på pensjonsmidlane og lønsveksten rekna med utgangspunkt i lønsnivået ved utgangen av året.
Det er verd å merke seg at pensjonskostnaden vert fordelt på einingsnivå, medan premieavviket vert ført på rammeområde 3. Dette gjer at effekten av premieavviket ikkje vil verte synleg på rammenivå slik at dei får ein relativ høg pensjonskostnad.
Dei øvrige tenestene gjeld stort sett lærlingløn for heile kommunen. Avvika kjem av at den faktiske fordelinga av lærlingane vart ulik den budsjetterte.
Investering
3 FELLESUTGIFTER/FELLESINNTEKTER | Regnskap | Buds(end) | Budsjett | Regnskap | |
---|---|---|---|---|---|
Prosjekt | Alle tal i heile 1000 | 2018 | 2018 | 2018 | 2017 |
1301 | OMSTILLING GJENNOM BRUK AV IKT, DIGITALISERING OG NY TEKNOLOGI | 4 926 | 4 622 | 4 000 | 3 367 |
1304 | EIGENKAPITALINNSKOT KLP | 1 455 | 1 250 | 1 250 | 1 325 |
6006 | TEKNISKE ANLEGG OKSNES | - | - | - | 1 |
Sum : 3 FELLESUTGIFTER/FELLESINNTEKTER | 6 381 | 5 872 | 5 250 | 4 693 |
Investeringar i 2018 gjeld:
Investeringar i prosjekt 1301 OMSTILLING GJENNOM BRUK AV IKT, DIGITALISERING OG NY TEKNOLOGI
Det vart budsjettert med 4 mill kr til prosjekt 1301 omstilling gjennom bruk av IKT, digitalisering og ny teknologi, i tillegg kjem ubrukte løyvingar frå 2017. Meirforbruket kr 304 000 kjem frå satsingar innan digitalisering.
Eigenkapitalinnskot KLP, dette utgjorde kr 1 325 000 og var budsjettert med kr 1 250 000. Investeringa kan ikkje lånefinansierast og er derfor finansiert gjennom overføring frå driftsrekneskapen.