2 Kommuneleiing - Stab
Kommuneleiing – stab omhandlar fylgjande tenesteområde
- Rådmann og kommunalsjefar
- Personal og løn
- Økonomi
- Saksbehandling – felles
Eininga skal levere tidsrette støttefunksjonar i hehold til krav og forventningar som er stilt til kommunens kjerneverksemd og strategiske satsingar.
Drift
2 KOMMUNE LEIING - STAB | Regnskap | Buds(end) | Budsjett | Regnskap | |
---|---|---|---|---|---|
Teneste | 2018 | 2018 | 2018 | 2017 | |
1200 | RÅDMANN - KOMMUNALSJEFAR | 4 066 | 3 925 | 3 622 | 3 760 |
1210 | PERSONAL OG LØN | 2 293 | 2 118 | 2 118 | 2 150 |
1220 | ØKONOMI | 3 834 | 3 910 | 3 910 | 3 714 |
1230 | SERVICEKONTORET | 2 487 | 2 632 | 2 632 | 2 430 |
1250 | IKT | 230 | 664 | 664 | - |
1260 | SAKSBEHANDLING - FELLES | 2 028 | 2 176 | 2 176 | 2 121 |
2110 | BARNEHAGE | 419 | 402 | 402 | 405 |
2120 | GRUNNSKOLE | 397 | 539 | 539 | 614 |
2412 | PSYKISK HELSEVERN | 99 | - | - | - |
2440 | BARNEVERNTENESTE | 355 | 237 | 237 | 339 |
2540 | PLEIE, OMSORG, HJELP TIL HEIMEBUANDE | 640 | 468 | 468 | 280 |
Sum 2 KOMMUNE LEIING - STAB | 16 847 | 17 072 | 16 769 | 15 813 |
Investering
2 KOMMUNE LEIING - STAB | Regnskap | Buds(end) | Budsjett | Regnskap | |
---|---|---|---|---|---|
Alle tal i heile 1000 | 2018 | 2018 | 2018 | 2017 | |
1301 | OMSTILLING GJENNOM BRUK AV IKT, DIGITALISERING OG NY TEKNOLOGI | - | - | - | 7 |
Sum gruppeansvar: 2 KOMMUNE LEIING - STAB | - | - | - | 7 |
Området hadde eit mindreforbruk på ca kr 225 000.
Eit mindreforbruk på teneste 1250 IKT kjem av stillinga som systemintegrator vart ståande ledig til og med September. At mindreforbruket samla sett ikkje vart høgre kjem av at utgifter til løn tilsatt på tildelingskontoret er bokført på dette området, men budsjettert på tildelingskontoret.
Overskot på nokre tenester skriv seg frå vakansar ved sjukefråvær og inntektsauke som skriv seg frå fleire sjølvkostområde og auke i inntekter frå VAR sektoren.
Der har ikkje vore investeringar i 2018.
Kostra
Netto driftsutgifter administrasjon per innbyggar.
Indikatoren viser kor mykje av dei totale utgiftene som vert brukt til administrasjon og styring per innbyggar. I indikatoren inngår administrativ ledelse, stab- og støttefunksjoner, Data vises i kroner per innbygger.
I tabellen nedanfor er det ikkje berre utgifter knytt til rammeområde 3 Kommuneleiing - stab. Tenester som er knytt til rammeområde 3 Fellesutgifter/fellesinntekter, rammeområde 7 Pleie og omsorg og sjølvkostområda i rammeområde 9 Teknisk er også med i tabellen.
Tala syner at Giske kommune har ein auke frå 2017 til 2018 med kr 220 per inbyggar.
Giske kommune bruker kr 474 mindre per innbygger enn gjennomsnittet for kostragruppe 11. Dersom Giske skulle bruke det samme som gjennomsnittet i kostragruppe 11 vill dette utgjort ein auke på 4 mill. kr.
Studier har vist at kommuner tolker og definerer administrasjon ulikt i KOSTRA. Det inneber at tala ikkje er direkte samanlignbare mellom alle kommunar og er noko usikkre.