Barnehage og styrka tilbod (førskuletilbod)

Barn i barnehage 2008-2018

Det er to kommunale og seks private barnehagar i kommunen. I 2018 var til saman 128 barn (årssnitt) i dei kommunale barnehagane, medan dei private hadde til saman 448 barn. Dei fleste barn i barnehagen hadde full plass. Det er framleis vanskeleg å få tilsett nok pedagogar med godkjent utdanning i nokre av barnehagane våre. Auka pedagognorm i 2018 gir fagleg styrking og vil auka driftskostnadene. Samtidig blir det vanskelegare å få tak i nok pedagogar.

Arbeidet med digitale hjelpemiddel vart teke vidare i 2018 i arbeidet i barnehagane. Giske oppvekstsenter har opna sin skaparverkstad, som er like mykje for barnehagen som for skulen. Digitale verktøy og arbeidsmåtar skal no vere godt integrert i det daglege arbeidet, og det er tid for å ta dette vidare.

Barnehagane er saman med barneskulane i realfagsprosjektet under overskrifta "Frå det undrande til det problemløysande barnet". Dei private barnehagane har også vore med. Fokus for prosjektet har vore matematiske aktivitetar, og framover blir det, mellom anna gjennom samarbeid med Atlanterhavsparken, sett fokus på naturfag med fokus på havet.

Dei private barnehagane deltok på dei månadlege styrarmøta i Giske kommune, desse møta er ein nyttig arena for erfaringsutveksling og fagleg oppfølging.

Innføring av ny rammeplan vart starta opp i 2017, og i samarbeid med Sula kommune fekk kommunen midlar (kr 1,3 mill. utbetalt og administrert av Sula kommune) til eit prosjekt om implementering av ny rammeplan med firmaet "Ringer i vann" som fagleg ansvarleg. Prosjektet heiter "To fram", og kvalitet i barnehagetilbodet er sentralt i prosjektet saman med det som er nytt i rammeplanen.

Kommunale barnehagar

Vigra barnehage hadde 60 barn i vårsemesteret og 62 i haustsemesteret, med 14,6 årsverk (2017: 15,2). Sjukefråværet vart redusert frå 13,2% i 2017 til 5,2% i 2018. Det er særleg langtidsfråværet som har gått ned.

Satsingsområdet for barnehagen i år har vore sosial kompetanse. Det er utarbeidd ein progresjonsplan for utvikling av sosial kompetanse. Handlingsplan mot mobbing er under utarbeiding og vil bli ferdigstilt i 2019.

Giske oppvekstsenter, barnehage hadde 66 barn (2017: 64) i 2018., og hadde nærver oppgitt samla for oppvekstsenteret til 90,8%. Handlingsplan for eit trygt og godt barnehagemiljø vart godkjend i SU og tatt i bruk i september. Barnehagen har som ein del av dette også sett fokus på vaksenrolla. Overskrift for arbeidet er "Livsmeistring, psykisk helse". Oppvekstsenteret har no opna sin skaparverkstad, som blir eit viktig bidrag i arbeidet med læring med digitale hjelpemiddel.

Styrka tilbod til førskulebarn

Styrka tilbod til førskulebarn omfattar både spesialpedagogiske tiltak og tilrettelegging for barn med særlege behov.

Spesialpedagogane i førskulen er tilsett i kommunen, og teamet hadde i 2018 5,5 årsverk. Av dette går 0,3 årsverk til arbeid med minoritetsspråklege barn, finansiert av øyremerka tilskot. Det er avsett 0,4 årsverk til teamleiar, som har ansvaret for å fordele arbeidsoppgåvene for spesialpedagogane og følgje opp arbeidet med tilbodet i barnehagane.

Om lag 4 årsverk er knytt til enkeltvedtak om spesialpedagogiske tiltak. Dei resterande 0,8 årsverka er plassert ute som ekstra personale på barnehagane, og går til ekstra timar til barn med vedtak, deltaking på møte og rettleiing til barnehagen. Når det oppstår behov for meir spesialpedagogisk hjelp, blir det tatt av denne ressursen.

Når behovet er meir assistent, set dei private barnehagane inn ekstra bemanning og får refusjon frå kommunen til dette.

I 2018 var det 98 barn som hadde eit styrka tilbod i barnehagen Dette er 17% av barna som dei 576 gjekk i barnehagen. Dette talet ligg litt under talet i Møre og Romsdal (18,8%) og landet utanom Oslo (19,7%).

Kostnadene per barn som får styrka tilbod i barnehage er ca. 103.000 kroner. Dette er på nivå med Ålesund, Kristiansund og Sykkylven. Sula ligg om lag 30.000 kroner under oss.