Flyktningtenesta og introduksjonsprogram

Giske kommune buset flyktningar etter avtale med IMDI. I 2018 busette vi 10 personar. Familiesameining kjem i tillegg.

Giske kommune er i dag heim for flyktningar frå: Eritrea, Somalia, Etiopia, Afghanistan, Sudan, Syria og Irak.

I 2018 var det 12 som avslutta introprogrammet. 4 nye fekk jobb, 5 gjekk vidare til annan utdanning. 3 flyktningar flytta til annan kommune som mellom anna gjer at vi må overføre tilskotet for desse til den nye kommunen.

Flyktningtenesta sitt mål:

Målsettinga er å legge til rette for at flyktningane får høve til å ta i bruk eigne ressursar, bli sjølvstendige ved å kome ut i inntektsgivande arbeid eller utdanning og bli aktive deltakarar i det norske samfunnet og lokalmiljøet. Både IMDi og KS signaliserer betydinga av kvalifisering til arbeidsliv gjennom både arbeidpraksis og –erfaring, samt utdanning.
Introduksjonsprogrammet har som mål å kvalifisere deltakarane til arbeid eller vidare utdanning for å kome ut i varig arbeid, og lære om og ta del i det norske samfunnet og bli økonomisk sjølvstendige.

Kva er eit introduksjonsprogram?
Introduksjonsprogrammet følgjer lov om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne flyktningar. Programmet skal gi norskopplæring, samfunnskunnskap, arbeidserfaring og eventuelle kurs med tanke på best mogleg integrering i samfunnet. Programmet er på full tid i inntil to år og gir rett til introduksjonsstønad. I 2018 starta 8grunnskuleutdanning, eit par tek vidaregåande skule.
Alle introduksjonsdeltakere skal ha en individuell plan som gjeld tida deltakeren er i programmet. Flyktningtenesta i Giske kommuner samarbeidar med fleire einingar, td. NAV, helsestasjon og vaksenopplæringa FU.

Introduksjonsprogrammet viser eit meirforbruk på om lag kr 1,2 mill. Budsjettet var lavare enn faktisk drift, dette er korrigert i budsjettet for 2019.

Kven kan få introduksjonsprogram?
Flyktningar mellom 18 og 55 år, som er busett i Giske kommune etter 01.09.2003, vil vanligvis ha rett til introduksjonsprogram. Personane må være busett etter avtale med UDI og kommunen.

Deltakarar må ha status som:

1.Overføringsflyktninger

2.Flyktninger med politisk asyl

3.Personar med opphald på humanitært grunnlag

4.Personar med kollektivt vern

5.Personar som blir sameint med personer frå ovannemnde grupper, som har vore busett mindre enn 5 år.