Fysio-ergo-terapiteneste, kvardagsrehabilitering

Den kommunale fysioterapitenesta hadde 156 brukarar, ergoterapi-tenesta hadde 67 brukarar og kvardagsrehabiliteringsteamet hadde 138 brukarar i 2018. Hjelpemiddel frå NAV tal 1745. Kommunalt lager utkjøyrt tal 320 i tillegg til reparasjonar og vedlikehald. Tenesta hadde eit meirforbruk i 2018 på 1,9 mill. Meirforbruket ligg til kvardagrehabiliteringsteamet. Kommunestyret har vedteke tenesta som fast teneste i kommunen, men det vart ikkje lagt inn budsjettdekking til drift i 2018.

Kvardagsrehabiliteringsteamet og velferdsteknologi vart lagt til eininga Barn, familie og helse i 2018, organisert i fysio-ergo-avdelinga. Kvardagsrehabilitering som metode er rulla ut i omsorgstenestene. Det er kritisk viktig at arbeidet har fokus og vert oppretthalde for å i møtekome den store auken av behov for tenester innan omsorg. Spesialistmodellen ved å ha eit eige kvardagsrehabiliteringteam er heit avgjerande for å lukkast med arbeidet i kommunen. Arbeidet med implementering av kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi har vore ein suksess i Giske kommune. Vi har fått eit godt renomé både på Sunnmøre, Møre og Romsdal og nasjonalt. Tenesta har ein tilsett ved hjelpemiddellageret, denne har i tillegg funksjon som velferdsteknikar og er ei viktig brikke i utrulling av velferdsteknologi både i helse og omsorg. Avdelinga har stort fokus på digitalisering og bruk av ny teknologi og at desse skal gi gevinstar tilbake i form av spart tid, sparte kostnader og auka kvalitet på tenestene. Tenesta har mellom anna tatt i bruk digital innbyggjardialog.

Tenesta har satsa på å auke fokuset i barnehagar inn mot motorisk utvikling. Målet er å tidleg fange opp born som treng oppfølging eller vil trenge oppfølging frå tenesta. Arbeidet har vore ein suksess og det vert utvida og utvikla vidare i 2019. Tenesta har sett i gong fallførebyggjande grupper. Den samfunnsøkonomiske kostnaden rundt fall og eldre er betydeleg og gir store kostnader. Tenesta har også hatt fødselsførebuande grupper, eit tilbod som starta i 2017, men som fortset då effekten og resultata er så positive. Tenesta har stort fokus på opplæring til pårørande, brukarmedverkand og tilrettelegging av eigen bustad. Tenesta har stort fokus på at brukarane vert meir aktive i eigne liv og kva som er "viktig for deg?"

Kostratal viser at Giske kommune ligg lang under andre kommunar i kostragruppe 11 og i landet i høve tal tilsette i fysioterapitenesta. I høve satsing på kvardagsrehabiliering og større krav til kommunane innan rehabiliteringstilbod til innbyggjarane, vert dette eit viktig område framover.

Kostratal fysioterapi 2018

Kostratal fysioterapi 2018
Nøkkeltall Enhet Giske Kostragruppe 11 Landet utan Oslo
Avtalte fysioterapeutårsverk per 10 000 innbyggere Årsverk 6,2 10,2 9,5