Psykisk helsearbeid

Psykisk helseteam barn og unge (PHBU) følgde opp 120 barn, unge og familiar i 2018. Giske kommune har lukkast i å etablere eit lavterskel psykisk helsetilbod til barn, unge og familiar. Satsinga vi har hatt innan dette møter både nasjonale og fylkesmannen sine forventningar til kommunen, der også barn og unge er satsingsområde. Nasjonalt er Giske kommune unike som har ei slik teneste. Talet på familiar som nytter seg av tilbodet er aukande, om lag 120 barn/unge og deira familiar fekk tilbod i 2018, mot 70 i 2017. Det vert tildelt fleire og større lovpålagte tenester innan helse- og omsorgstenestelova og bidreg med viktige tiltak innan barneverntenesta. Spesialisthelsetenesta ved Barn- og ungdomspsykiatrisk avdeling har begrensa inntak og oppfølging, noko som gjer at det ligg større ansvar til kommunen å yte tenester både i mengde og i alvorlegheitsgrad innan rus og psykiatri.

Målet om lav terskel for å få kontakt med tenesta er nådd. Det er etablert telefonvakt i løpet av arbeidstida som gjer at det er alltid nokon som kan svare på førespurnader. Forbetringsarbeid på kommunal heimeside og kontaktinformasjonsarbeid har gjort det enklare for brukarane å ta kontakt. Det er etablert fleire faste samhandlingsstrukturar med fleire av tenestene i kommunen og mot helseføretaket. Fagsystemet har no ein funksjon som gjer det mogleg med digital kommunikasjon med brukarane. Innbyggjardialog er så vidt tatt i bruk, dette vert tatt meir i bruk framover og vi ventar gevinstar. Tenesta har lukkast i å rekruttere psykolog, noko som er svært viktig i arbeidet kommunane har framover innan området.

Psykisk helseteam vaksne hadde 121 brukarar i 2018. Giske kommune har lukkast i å rekruttere psykolog også til denne tenesta, dette styrkjer det fagleg tilbodet, tverrfaglege samarbeidet, det førebyggande arbeidet og sikrar lovpålagte tenester. Tenesta har nådd målet om å etablere gruppetilbod til brukarar med angst og depresjon. Tenesta har starta opp arbeid med digital innbyggjardialog og arbeider no med innføring av sjølvhjelpsutstyr. Dette vert viktig for å imøtekome auka etterspørsel etter tenesta i dag og framover. Retningslinjer til ØHD-tilbod rus og psykiatri er utarbeidd, og 6 brukarar nytta tilbodet i 2018. Rustenesta vart flytta frå NAV Giske til psykisk helseteam vaksne i oktober 2018. Psykisk helse- og rustenesta vart lagt til ny eining Meistring og psykisk helse frå oktober 2018. Tenesta merkar effekten av at helseføretaket overfører oppgåver til kommunen, det har vore ei markant auke i tal brukarar til psykisk helseteam vaksne med om lag 70% dei siste to åra. Tenesta har nådd målet om å starte opp prosjektet rask psykisk helsehjelp. Teamet har så vidt starta opp. Kommunen fekk kr 1,5 mill i 2018 frå Helsedirektoratet til prosjektet, det vert gitt tilskot i 3 år, men med årleg avkorting. Dette er eit lavterskeltilbod til vaksne over 16 år med mild til moderat angst og depresjonsplager. Tenesta er basert på kognitiv terapi.