Byggesak

Avdelinga behandla 308 byggesaker, i 21 av sakene vart saksbehandlingsfristen overskriden slik at ein tapte gebyrinntekter. Kommunestyret har vedteke at byggesak skal vere sjølvfinansierande og gebyra er tilpassa dette (som for sjølvkostrekneskap). Då det ikkje er opparbeidd fond, slår eit negativt resultat ut i balansen, men ved eventuelt overskot seinare kan dette dekkast inn.

I 2018 vart det eit negativt driftsresultat på kr 709.673. Inntektene var budsjetterte for høgt: Frå 2016 til 2017 auka inntektene frå kr 1,9 millionar til kr 2,5 millionar, men i 2018 gjekk summen ned til knappe kr 1,7 millionar av eit budsjett på kr 3,3 millionar. Tapte gebyrinntekter utgjorde kr 174.288.