Offentleg helseteneste/legekontor

Fastlegeordninga hadde 7656 brukarar, 8 fastlegar og 1 turnuslege. Tenesta hadde eit meirforbruk i 2018 med om lag 1,1 mill. Meirforbruket er knytt til betaling av gjestepasientar i andre kommunar, kjøp vikarlegeteneste og høgare utbetaling til legekontoret enn budsjettert.

Giske legekontor har knytt seg opp til tenesta "Min helse", noko som forenklar kommunikasjonen mellom lege og pasient. Tenesta arbeider med å auke kompetanse innan kvalitetsforbetringsarbeid og å ivareta heilskap og samhandling mellom kommunane og helseføretaket for pasientar med kroniske lidingar. Giske kommune deltek i samarbeidsprosjekt om den multisjuke eldre pasient. Kommuneoverlegen deltek i arbeidsgrupppe om utvikling av helseplattforma som er eit felles journalsystem for kommunale helsetenester, legetenesta og spesialisthelsetenesta. Giske kommune har signert opsjonsavtale i likskap med dei andre kommunane i Midt Norge. Det er også innført digitale funksjonar for fastlegetenesta i den nasjonale portalen helsenorge. www.helsenorge.no. Rekrutteringsvanskar hausten 2018 gjorde at kommunen endra ein legeheimel til fast kommunalt tilsett fastlege. Vi merkar godt at legetenesta er i endring og at det er lettare å rekruttere til faste stillingar enn næringsdrivande stillingar. Vi har frå 07.01.2019 full bemanning i legetenesta.

Legekontoret i Giske AS varsla tidleg i 2018 at dei ikkje fortset drifta etter 30.11.2019. Det vart lagt ned eit omfattande arbeid i høve kvar nytt legekontor skal ligge og kva driftsform dette skal ha. Det vert arbeidd vidare med dette våren 2019 og klargjering til overtaking frå 1.12.2019.


Kostratal legetenesta, 2018

Kostratal legetenesta, 2018
Nøkkeltall Enhet Giske Kostragruppe 11 Landet utan Oslo
Avtalte legeårsverk per 10 000 innbyggere Årsverk 10,7 12,4 11,3