SFO - Skulefritidsordning

Det ordinære SFO-tilbodet i Giske skal vere sjølvfinansierande med unntak av ekstra kostnader til barn som treng tilrettelegging. Etter sjølvkostutrekning er no foreldrebetalinga auka til kr. 2.944 for heil plass. Dette er ein auke på kr. 271, eller litt over 10% frå året før. Ekstrautgiftene til barn med særskilte behov skal dekkjast av kommunen. Vi må difor budsjettere med ei reell utgift.

Inntektene frå foreldrebetalinga auka med kr. 608.000 frå 2017. Lønsutgiftene auka med ca. 4% frå kr. 7.790.000 i 2017 til kr. 7.793.000 i 2018.

Tenesta hadde eit overforbruk i høve til budsjett på kr. 1.156.000.

Tal på barn i SFO Tal på barn i SFO Kor mange av desse har full plass Kor mange av desse har full plass
Skule \ år 17-18 18-19 17-18 18-19
Giske oppvekstsenter 28 21 25 11
Godøy skule 29 32 13 13
Valderøy barneskule 38 144 60 63
Vigra skule 64 67 29 35
SUM 59 264 127 122
Kjelde: GSI (https://gsi.udir.no), tal per 1. oktober