6 Barn, familie og helse
Drift
6 BARN, FAMILIE, HELSE | Regnskap | Per.b(end) | Budsjett | Regnskap | |
---|---|---|---|---|---|
Teneste | Alle tal i heile 1000 | 2018 | 2018 | 2018 | 2017 |
2111 | STYRKA TILBOD TIL FØRSKOLEBARN | 1 671 | 2 386 | 2 386 | 1 522 |
2120 | GRUNNSKOLE | 2 582 | 1 778 | 1 778 | 2 227 |
2130 | VAKSENOPPLÆRING | 795 | 785 | 785 | 759 |
2320 | 5 888 | 5 592 | 5 592 | 5 515 | |
2330 | FOREBYGGANDE ARBEID, HELSE- OG SOSIAL | 670 | 707 | 707 | 747 |
2340 | AKTIVISERING AV ELDRE OG FUNKSJONSHEMMA | 3 314 | 2 696 | 2 696 | 3 583 |
2341 | PSYKIATRISK DAGTILBOD | - | 6 | 6 | 10 |
2410 | DIAGNOSE OG BEHANDLING | 9 188 | 8 087 | 8 087 | 8 407 |
2411 | FYSIO-/ERGOTERAPITENESTE | 4 746 | 2 782 | 2 782 | 2 990 |
2412 | PSYKISK HELSEVERN | 1 562 | 2 646 | 2 646 | 2 491 |
2413 | FRISKLIVSSENTRAL | 30 | 107 | 107 | 99 |
2420 | SOSIAL RÅDGJEVING OG VEILEDNING | -111 | 3 | 3 | -154 |
2440 | BARNEVERNTENESTE | 4 640 | 5 138 | 4 608 | 4 079 |
2510 | BARNEVERNTILTAK I FAMILIEN | 1 626 | 1 278 | 1 278 | 1 214 |
2520 | BARNEVERNTILTAK UTANFOR FAMILIEN | 7 418 | 6 875 | 6 875 | 7 819 |
Sum gruppeansvar: 6 BARN, FAMILIE, HELSE | 44 018 | 40 866 | 40 336 | 41 308 |
INVESTERING
6 BARN, FAMILIE, HELSE | Regnskap | Buds(end) | Budsjett | Regnskap | |
---|---|---|---|---|---|
Prosjekt | Alle tal i heile 1000 | 2018 | 2018 | 2018 | 2017 |
1301 Omstilling gjennom bruk av IKT, digitalisering og ny teknologi | - | - | 3 | ||
Sum 6 BARN, FAMILIE, HELSE | - | - | 3 |
Økonomi
Rekneskapet syner eit samla meirforbruk på kr 3 152.000. Meirforbruket ligg til legetenesta med om lag kr 1,1 mill, fysio/ergo-tenesta med kr 1,9 mill og kr 600.000 til barnevernstiltak utanfor heimen. Dei andre tenestene gjekk i balanse eller med eit mindreforbruk.
Måloppnåing
Eininga har hatt stor aktivitet i 2018, med fokus på overordna mål innan tidleg innsats, førebygging, tverrfagleg samarbeid, digitalisering, rekruttering, kompetanseheving og kontinuerleg utvikling av tenestene. Det har vore høg tenesteproduksjon i eininga med mellom anna styrking av skulehelsetenesta som er ei nasjonal føring og eit prioritert område. Helsestasjonen kommuniserer elektronisk med andre tenester og utrulla digital innbyggjardialog er rett og framtidsretta utvikling. Tenestene arbeider med tidleg innsats og fleire unge og barn får tidlegare hjelp for å hindre alvorleg problemutvikling. Psykisk helseteam for barn og unge har gitt positive resultat både individretta, familieretta og i samarbeid med andre tenester innan oppvekst, skulehelsetenesta og barnevernet. Barnevernstenesta starta opp bruk av mobilt barnevern og fullelektroniske journalsystem er rulla ut i eininga.Tenestene har fokus på brukarmedverknad og det er ein viktig del i møte med den enkelte brukar. Dette er eit kontinuerleg arbeid.
Eininga har nådd målet om å etablere tilbod til utskrivingsklare brukarar frå helseføretaket innan rus- og psykiatri. Barnevernvakt vart etablert frå april-19. COS-P er implementert som metode i tiltaksretta barnevern og som lavterskeltilbod på helsestasjonane. Øyeblikkelig hjelp-døgntilbod innan rus- og psykiatri er etablert i kommunen ved Løkevegen bufellsskap. Barnevernstenesta nådde ikkje målet om 0 fristbrot. PPT har ikkje nådd målet om at ventetid for sakkunnig utgreiing ikkje skal overstige 3 mnd. Eininga har ikkje lukkast i å etablere dagtilbod for brukarar innan rus og psykiatri.
Eininga var i 2018 med på ei omorganisering av helse- og omsorgstenestene i Giske kommune. Det vart sett ned ei arbeidsgruppe beståande av leiarar, tilitsvalde og politikarar frå komiè for helse og omsorg. Eit omfattande arbeid vart lagt ned, med god innvolvering av alle i ramme 6 og ramme 7. Vi er godt fornøgde både med prosessen og resultatet. Vedtak om ny organisering var vedteken i kommunestyret juni 2018. For ramme 6 vart følgjande endringar: psykisk helseteam voksne og Kingelveven dagtibod vart flytta over til ramme 7, ny eining Meistring og psykisk helse.
Personale
Eininga hadde eit nærvær på 97,7% i 2018. Det vert rapportert godt arbeidsmiljø, har fått verneombod på plass og det er god dialog og samarbeid med tillitsvalde og tilsette.