Næringskontor
NÆRINGSLIV OG BEREDSKAP
Tenesta har eitt årsverk.
Hovudoppgåver:
- rådgjeving for nyetablerarar gjennom kommunen sitt «hoppid.no-kontor»,
- utvikling av prioriterte næringsområde i hht. Strategisk næringsplan 2016-25,
- samordning av beredskapsarbeid
- informasjonsarbeid knytt til nettportal og sosiale media
- medlem i planforum og andre kommunale arbeidsgrupper
Utførte tiltak 2018:
Det vart utarbeidd 36 saker for politisk behandling, 3 delegerte saker og gjennomført 121 møte for og med næringslivet i tillegg til 36 internmøte og 17 beredskapsmøte.
Prosjekt og oppgåver fordelt på arbeidsområde er m.a.:
Næringsliv: tildeling av Årets Bedrift-pris til Nor-Helikopter AS, næringsfondsøknader og etablerarstøtte, prosjektgrupper som kommunal stand på Nor-Fishing i Trondheim og nytt flyplassforum i regi av Region Ålesund.
Utvikling av Gjøsund Hamn som regional/ nasjonal fiskerihamn med kommunen som medstiftar av Gjøsund Utvikling AS, og søknad om statleg refusjon av kostnader til mudring av hamna.
Beredskap: revisjon av planverk, etablert nødnettsamband, ny ROS-analyse om tunnelstenging, EPS-plan, møte, kurs og øvingar med beredskapsleiinga, fylkesmannen og internt med alle einingar.
Facebook, Flickr, Instagram, nettportal
Diverse: Innovasjonscamp på Valderøy ungdomsskule,
Giske har låg arbeidsløyse, ca 1,7%, ned frå 2,2% i 2017. Det er viktig å utvikle lokale jobbtilbod gjennom eksisterande næringsliv og nyetableringar. Dette er miljøvenleg, ressurssparande og skapande for lokale, sosiale nettverk. Giske har i fleire år vore er ein av kommunane i M&R med høgast tal på etableringar i høve til folketalet, og det vart registrert 97 nye selskap i Enhetsregisteret til Brønnøysund.