Kulturdagane i Giske

Kulturdagane i Giske vart arrangert siste veka i september og første veka i oktober. Sist gong vi arrangerte Kulturdag var i 2016. I motsetnad til sist valde vi denne gong å utvide med aktivitetar i veka før og veka etter Kulturdagen søndag 30. september. Fordelen med dette er at ikkje alle, av ulike årsaker, har høve å delta på sjølve Kulturdagen. Mange lag og organisasjonar har difor takka ja til å opne dørene sine for interesserte innbyggarar som kan kome og sjå og høyre kva det er dei ulike laga driv på med.

Sjølve Kulturdagen i Øygardshallen på Giske var ein stor suksess! Berre spør ein av dei mange som fylte opp hallen eller les omtalen i Øy-blikk. I 2018 prøvde vi involvere frivillige i sterkare grad. Vi meiner at dette var nødvendig og gjorde at vi fekk ei betre forankring av arrangementet rundt om i heile kommunen. Men vi ser at dette arrangementet er heilt avhengig av stor kommunal innsats og dermed noko vi ikkje kan gjere kvart år. Men når resultatet vart som det vart, så er motivasjonen stor for å gjere dette eit anna år også. Dette var verkeleg ein dag for minnebøkene

Det er mange av dei deltakande aktørane som ikkje har svart på evalueringsskjemaet, men ut frå det vi har fått vite så kan vi peike på følgjande:

  • Øygardshallen var fin til føremålet med mulegheit for mykje ulikt både aktivitetar, stand og frå scena. Men det var smekkfullt når sceneunderhaldninga stod på, færre resten av dagen.
  • Mange av laga hadde laga fine presentasjonar og aktivitetar der besøkande kunne bli betre kjend med laga.
  • Fin informasjon i forkant. Medverkande lag/ kan med stor fordel informere i dei kanalane dei nyttar: medlemmar, sosiale media m.m.
  • 4 timars program var litt i overkan for dei som var der heile dagen. Eit konkret forslag er å dele programmet i to med sal av mat og drikke i mellom. Dei fleste tilbakemeldingane går på at laga sjølve bør kunne organisere dette salet og slik få inntektene av det. Det blir urettferdig om eitt lag får alle inntekter. Men kanskje klarer ein kombinere dette med eit eller fleire kaféareal der folk kan sette seg ned i nærleiken av salet.
  • Vi fekk godt med skryt for at lokalet var fint og triveleg tilrettelagt når lag og org. kom for å rigge. Men vi må organisere parkering og transport / varelevering på utsida på ein betre og meir styrt måte i år.