Frivilligsentralen

Måloppnåing

Målet for frivilligsentralen i 2018 var å styrke posisjonen som aktivum for innbyggarane gjennom samarbeid med lag og organisasjonar og andre kommunale einingar.

Mange eldre melder inn behov for frivillig innsats.

Det kommunale sysselsettingsprogrammet der dagleg leiar av frivilligsentralen er arbeidsleiar er frå 2019 gjort permanent, bl.a. ved at vi har fått inn ny medarbeidar i sentralen som vikar for fast dagleg leiar. Dette er eit svært viktig program for alle involverte frå arbeidarar, brukarar og kommunale einingar. Det er faktisk alle kommunale einingar som får hjelp frå dette programmet.

Den kulturelle spaserstokken blir brukt for å oppnå målet. Det er gjennomført mange ulike arrangement i løpet av året. Gjennomføring av desse skjer i tett dialog med tilsette, bebuarar og frivillige krefter. Her har vore fulle hus på bl.a. Valderøy omsorgssenter der også bebuarar frå Vigra deltok.

Kva gjer Frivilligsentralen?

Frivilligsentralen har ei rekkje oppgåver for kommunen:

  • Køyring av dagpasientar måndag, onsdag og torsdag.
  • Utkøyring av mat tysdag og fredag.
  • Transport av elevar til bading.
  • Køyring av elevar til alternativ undervisning
  • I tillegg steppar vi inn ved avspasering på Giske omsorgssenter og stiller opp ved andre oppgåver som det trengs hjelp til.
  • Hjelp til Kingelveven - dataspel og koking av vedbrikettar.
  • Køyring av eldre kvar tysdag. Fallgruppe ved omsorgssenteret.

Dette utgjer ca. 25 timar per veke i sparte utgifter for andre einingar. i tillegg hjelper vi til der vi kan - i barnehagar, skular og eldresenter

  • Frivilligsentralen har ansvaret for den kulturelle spaserstokken med mange arrangement gjennom året. Dette blir gjennomført med støtte frå fylket.
  • I 2018 har frivilligsentralen hatt ansvaret for gjennomføring av barnefattigdomsprosjektet med aktivitetar i alle feriar. Dette blir finansiert med statlege midlar. I 2018 fekk vi 200.000 kroner til dette, og fekk til tiltak over 10 dagar.
  • I 2018 kjøpet frivilligsentralen ei hakke til kjøkenet på GOS til 76.000 kroner.
  • I 2018 har ca. 20 personar hatt arbeidstrening her gjennom NAV. Mange av desse har vi fått over på statlege ordningar og spart kommunen for mykje pengar. Gjennom prosjektet har fleire personar klart å kome ut av rusmisbruk og inn i jobb eller skule igjen. Verdien av dette kan ikkje prisast.
  • I samarbeid med Rotary og andre frivillige har Frivilligsentralen fått lagt ut klopper på stien ut til seglmerket på Synes.
  • I tillegg gjer vi ein jobb ute blant innbyggarane som vi hjelper på mange ulike måtar.

Inntekter

  • Vedproduksjon gir inntekter på 40.000 til 50.000 kroner per år.
  • kr. 175.000 frå Sparebanken Møre sine gåvemidlar i samband med banken sitt 175 års jubileum. Gåva skal nyttast til istandsetjing og etablering av turstiar og turløyper samt bord og benkar på alle øyane.
  • Kr. 100.000 frå stiftinga Eldres Vel på Valderøya. Midlane skal gå til oppsetjing av gapahuk til Giske omsorgssenter (GOS) inkl. tillaging av området med bord og benkar.