Sosialtenesta - NAV

Økonomi:

Ansvar 3300 Sosialtenesta hadde eit meirforbruk på kr 864 304. Teneste 2810 Økonomisk sosialhjelp hadde åleine eit meirforbruk på kr 1 238 995 der dei store utgiftspostane skriv seg i frå stønad til husleige, stønad til livsopphald og stønad til tannbehandling.

Mindreforbruk på tenestene 2430 Tilbod til personar med rusproblem og 2760 Kvalifiseringsprogram var med og redusere det totale meirforbruket på Ansvar 3300.

Årsaka til meirforbruket på Ansvar 3300 er samansett. Sosialtenestelova er ein velferdslov, som gjev brukar rettigheiter etter kriterier for tildeling og utmåling av ytingar etter ein minstestandard når det gjelder sosiale tenester og økonomisk stønad. Talet på brukarar av sosialtenester er aukande, kostnaden per brukar er stigande, dei statlege reglane for Arbeidsavklaringspengar vart strengare i frå 1.1.2018 og fleire brukarar slit med tunge gjeldsproblem. NAV Giske har hatt stor utskifting av tilsette i 2018.

Måltal:

Arbeidssøkjarar og personar med nedsett arbeidsevne: 388

Sjukmelde: 259

Økonomisk sosialhjelp: 124 personar

Personar <24 som fekk økonomisk sosialhjelp i <3 månader: 7 personar

Gjeldsrådgjeving: 23 personar

Måloppnåing:

NAV Giske har hatt eit tydeleg arbeidsfokus i møte med brukarane. Dei strengare reglane for AAP gjer at det har vorte færre brukarar i arbeidsretta tiltak. Ungdom raskt ut i arbeidstrening. God kontakt med arbeidsgjevarane og registrering av arbeidsmarknadsbistand mot verksemdene. Samarbeidet omkring flyktningar, mellom anna Introduksjonsprogrammet for å gi flyktningar tidleg arbeid, kunne ha vore utvikla ytterlegere.

NAV Giske opprettheld sin fokus og innsats på å inkludere utsette grupper på arbeidsmarknaden, blant anna ved lågterskel aktivitetstiltak i samarbeid med fleire samarbeidsaktørar. Bruken av Frivilligsentralen som lågterskeltilbod har fortsatt stor gevinst.

NAV Giske har hatt stor utskifting av tilsette sidan 31.12.2017. 2 tilsette vart flytta til BFH og 3 har funne seg nye utfordringar hos andre arbeidsgjevarar. Dette har vore krevjande for drifta ved kontoret og har nok påverka måloppnåinga.

Auka grad av digitalisering i NAV-systemet fortset - og gjer at NAV Giske no har ope måndag, onsdag og fredag, kl. 10 – 13. Og i endå større grad enn tidlegere skal brukarane i hovudsak vere sjølvhjelpte.

Målet er «Arbeid først», med spesiell fokus på ungdom under 30 år, langtidsledige og flyktningar/innvandrarar. Arbeidsløysa i Giske kommune er 1,5 % og arbeidsgjevarane/næringslivet vil vere nøkkelen for å nå måla.

Nærvær: NAV hadde eit nærvær på 98,5 % i 2018.

TENESTE 2420 SOSIAL RÅDGJEVING OG VEILEDNING

TENESTE 2810 ØKONOMISK SOSIALHJELP

TENESTE 2760 KVALIFISERINGSPROGRAM

SUM TENESTE 2420 SOSIAL RÅDGJEVING OG VEILEDNING, 2760 KVALIFISERINGSPROGRAM OG 2810 ØKONOMISK SOSIALHJELP

OPPSUMMERINGSTALL

OPPSUMMERINGSTALL
2015 2016 2017 2018
Brukarar totalt 99 110 119 124
Mottekne flyktningar 10 10 18 10
Gjeldsrådgjeving 11 16 16 23
Gjennomsnitt utbetaling per brukar 17 015 21 724 25 877 30 557