Skatt - rammetilskot - finans
Skatt og rammetilskott
Giske kommune fekk i 2023 kr 591 368 464 i skatt og rammetilskot gjennom inntektssystemet. Dette var kr 3 068 000 meir enn justert budsjett. Skatteinngangen for Giske kommune vart kr 6 575 653 lavere enn justert budsjett.
Øvrige generelle statstilskot
Kommunen fekk i 2023 utbetalt kr 1 902 913 i rentekompensasjon frå skulepakke, kyrkjepakke og omsorgsbustader. Dette var kr 802 913 høgre enn justert budsjett, og kjem av auken i lånerenta.
Det vart utbetalt kr 1 535 790 frå Havbruksfondet. Det var budsjettert med kr 1 056 000.
Eigedomsskatt
Eigedomsskatt vart utskrive både på verk og bruk, bustad og fritidseigedommar. Ved fastsetjing av skatteverdien for bustadeigedommar vart formuesgrunnlag frå skatteetaten nytta, medan det vart leigd takstfolk for taksering av fritidseigedommar, verk og bruk samt bustadeigedommar der formuesgrunnlag ikkje var fastsett av Skatteetaten. Satsen for eigedomsskatt var 3 ‰, Inntektene frå eigedomsskatt vart 22,4 million kr, kr 1 052 000 meir enn opprinneleg budsjett.