PPT og logopedteneste
PPT
Tal saker: 61, Fristbrot: 46
2023 vart eit veldig krevjande driftsår for pp- tenesta då 4 av 4 tilsette slutta i løpet av året. Dette førte til at mange saker vart ståande på vent og vi fekk alvorleg mange fristbrot. Rekrutteringsarbeidet viste seg å vere krevjande, med fleire rekrutteringsrunder før tilsette med naudsynt kompetanse var på plass. I løpet av hausten 2023 vart det tilsett avdelingsleiar og to rådgjevarar. Den siste rådgjevaren starta i januar 2024. Det vart sett verk i fleire tiltak for å redusere konsekvensane av situasjonen som kjøp av tenester frå nabokommuner, kjøp av private tenester, intern rekruttering med tilrettelegging av kompetanseheving. Vi lukkast med å få avtale med ein privat leverandør av rådgjevartenester i om lag 80% stilling i perioden februar til juli som reduserte noko av fristbrota, spesielt på barnehageområdet.
Logopedteneste
Giske kommune gjennomførte kutt i logopedtenesta i 2021. Kommunen har per i dag ikkje tilsett logoped, men kjøper denne tenesta. Kommunen er pliktig til å yte tenester til barn og unge med rett etter opplæringslova.