Rekneskapsmessig resultat
Drift:
Økonomisk oversikt drift viser: | 2023 | |
---|---|---|
Brutto driftsresultat | kr | 20 070 622 |
Netto driftsresultat | kr | 3 037 932 |
Rekneskapsmessig meir/mindreforbruk | kr | 0 |
Rekneskapen til Giske kommune for 2023 vert avslutta med eit netto driftsresultat på 3 mill. kr. Kommunelova § gir føringar for korleis dette skal disponerast slik at rekneskapsresultatet vert kr 0.
Dette skjer etter at pliktige strykningar ved rekneskapsavslutninga er gjennomført.
Det var budsjettert med overføring frå drift til investering med kr 1 550 000. På grunn av det gode resultatet i investeringsrekneskapet vart denne stroken ihht. strykningsbestemmelsane i kommunelova.
Investering:
Økonomisk oversikt investering for 2023 viser udekka / udisponert resultat = 0.
Finansieringsbehovet var kr 44 101 744. På grunn av refusjon frå staten til dekning av prosjekt 5857 Mudring Gjøsundet, vart ikkje investeringar finansiert ved lån. Refusjonen medførte eit "overskot" på investeringsrekneskapet som er sett av til ubunde investeringsfond med kr 52 512 578. Det vart tatt opp 41,8 mill. kr i nye lån i 2023 - dei er tilført ubrukte lånemidlar som har ein saldo per 31.12.23 på 85,7 mill.kr.