Fysio-ergoterapiteneste, kvardagsrehabilitering, velferdsteknologi, hjelpemiddellager

  • Kvardagsrehabilitering: 138 brukarar
  • Ergoterapi: 89 brukarar
  • Fysio: 179 brukarar
  • Kommunal hjelpemiddelformidling: 127
  • Velferdsteknologi: 195

Kvardagsrehabiliteringsteamet har gjennomført førebyggjande tiltak som t.d balansegruppe. Teamet har også eit tett samarbeid med omsorgstenesta for å auke fokus på hjelp til sjølvhjelp i utøving av tenestene. Stilling 50% koordinator for velferdsteknologi vart frå hausten 2023 fast. Satsinga er viktig for å sikre at investeringar og utvikling innan velferdsteknologi held fram. Koordinator arbeider tett ilag med omsorgstenestene for å styrke kompetansen i bruk av velferdsteknologi, samt sikre at dei er trygge i bruk, både teknisk og i høve personvern. Giske kommune inngjekk hausten 2023 avtale ilag med omkringliggande kommunar, ny avtale med leverandørar om velferdsteknologiske verkty.

Giske kommune har to fysioterapeutar med driftstilskot.

Kostratala viser at kommunen ligg langt under kostratala til samanliknbare kommunar, kostragruppe 1 og landet.

Kostratal fysioterapi 2023

Kostratal fysioterapi 2023

Nøkkeltall Enhet Giske Sula Kostragruppe 01 Landet utan Oslo
Avtalte fysioterapeutårsverk per 10 000 innbyggere Årsverk 6,1 8,8 11 9,8