Barnehage og styrka tilbod (førskuletilbod)

Barn i barnehage 2012-2022

Oversiktsrapport Kommunale barnehagar Konserneigde barnehagar Foreldreeigde barnehagar Livssyns-barnehagar Sum Giske kommune
Antal barnehagar 2 2 2 2 8
Antal barn totalt (0-6) år 106 194 95 133 528
Antal barn 0-2 år 39 83 33 47 202
Antal barn 3-5 år 67 108 62 86 323
Antal ansatte totalt 31,53 54,48 26,30 36,42 148,73
Antal styrarar og pedagogiske leiarar 13 23 12 17,1 65,1
Andel styrarar og pedagogiske leiarar med midlertidig dispensasjon 18,46 17,39 0 13,45 12,32
Andel styrarar og pedagogiske leiarar med varig dispensasjon 0 % 0 % 0 % 0 % 0 %
Andel styrarar med godkjend utdanning 100 % 100 % 100 % 100 % 100 %
Andel pedagogiske leiarar med godkjend utdanning 78,18 % 80,95 % 100 % 83,33% 85,61
Tal frå BASIL rapportportal per 15.12.2023.

Teneste 2110 Barnehage

Giske har 6 private og 2 kommunale barnehagar. Alle barnehagebarna har full plass.

Talet på barnehagebarn har hatt ein nedgang frå 563 barn i 2022 til 528 barn i 2023. Talet på barn i dei kommunale barnehagane held seg nokolunde stabilt med 106 barn i 2022 og 110 barn i 2023. I dei private barnehagane har det vore ein nedgang frå 451 i 2022 til 422 i 2023.

Det er i 2023 ein nedgang på 29 småbarn og ein nedgang på 9 storbarn. Fordelinga mellom små og store barnehagebarn kan nok tilskrivast naturlege variasjonar i barnegruppene si samansetning, men det totale talet på barn med barnehageplass er no på nivå med talet i 2016 som var 421 barn. Framskrivingstala frå SSB spår og ein fortsatt nedgang i barnetalet totalt i kommunen i nokre år framover.

Private barnehagar har 117,2 årsverk og dei to kommunale barnehagane har 31,53 årsverk. Til saman utgjorde tilsette i barnehagane i Giske kommune 148,73. årsverk. Dette er ein reduksjon på 3,98 årsverk totalt.


Det har totalt sett vore ei positiv utvikling med ein jamn nedgang i talet på midlertidig dispensasjonar frå utdanningskravet I Giske kommune, men ved rapporteringa til Udir i desember 2023 arbeidde likevel 32,7 % av pedagogane på dispensasjon. Berre 4 av 8 barnehagar oppfylte pedagognorma utan dispensasjon. Rekruttering av barnehagelærarar er framleis svært krevjande og det er urovekkande at søknadstala til barnehagelærarutdanninga går ned, både i vårt fylke og nasjonalt.

Pedagogar på dispensasjon

Giske kommune har rettleiingsgrupper for pedagogar på dispensasjon og tek del i kurs i regi av Sunnmøre regionråd. Giske kommune har også tilbydd også rettleiing for nyutdanna barnehagelærarar i 2023 både internt i kommunen og som ein del av «Nytt på nytt» i regi av Høgskulen i Volda.

Giske kommune ønsker å følgje regjeringa sin strategi for utvikling av kvalitet i barnehagane og har satt eit mål om at i løpet 2025 skal 50 % (60 % i 2030) av grunnbemanninga i barnehagen vere barnehagelærarar. Dette vil fordre auka bemanning og gode strategiar for rekruttering. Giske kommune har ein lang veg å gå for å kome opp på nasjonalt nivå i forhald til å sikre at barnehagane har tilsette med relevant kompetanse og nok bemanning for å drive eit kvalitativt godt tilbod.

Barn per barnehagelærar

Utviklingsarbeidet i barnehagane har vore konsentrert om inkluderande praksis og eit godt tilpassa barnehagetilbod til alle barn. Det har vore arbeida med at den spesialpedagogiske hjelpa skal vere tett på dei barna som treng det, og spesialpedagogane er sterkare til stades i barnehagane. Målet er at alle barn og unge skal oppleve eit godt tilpassa og inkluderande tilbod i barnehagen; Det var bra eg kom.

Det er oppretta inkluderingsteam i alle barnehagar. Spesialpedagogisk team barnehage og helsestasjon har bidratt med tverrfagleg blikk inn i analysearbeidet i inkluderingsteama. PPT fekk fleire nytilsette gjennom hausthalvåret og har og byrja å bidra inn i inkluderingsteama. Dette er eit sentralt tiltak på vegen mot god tverrfagleg samhandling der laget rundt barnet saman har fokus på barnet og for barna sitt beste.

Alle barnehagar har fått tilbod om å vere med på regional kompetanseutvikling. Tre av barnehagane har teke del i dette arbeidet.(Frå 2024 blir alle barnehagane med på dette). To har arbeida med «Barn si språkutvikling og språkvanskar» ein har arbeida med «Tilrettelegging for leik». Det blir peika på av barnehagane at låg grunnbemanning, få tilgjengelege vikarar kombinert med høgt sjukefråvær gjer det vanskeleg å frigjere personell til utviklingsarbeid og kompetanseheving.


Teneste 2111 Styrka tilbod til førskulebarn

Styrka tilbod til førskulebarn omfattar både spesialpedagogiske tiltak og tilrettelegging for barn med særlege behov. Spesialpedagogane i førskule er tilsett i kommunen, med 5,6 årsverk i 2023. Av dette er 0,3 årsverk statleg finansiert til arbeid med minoritetsspråklege barn, gjennom øyremerka tilskot. Det er avsett 0,4 årsverk til teamleiar, som har ansvaret for å fordele arbeidsoppgåvene for spesialpedagogane og følgje opp arbeidet med tilbodet i barnehagane. Spesialpedagogane bidrar i utviklingsarbeid som BU modellen, TALK (nettverk for barn med autisme) og nettverk for barn med forseinka utvikling. Det er fagleg vurdert som tenleg å knytte spesialpedagogane tettare opp mot barnehagane for at deira kompetanse kan bidra inn i å forbetre kvaliteten i det allmennpedagogiske, utvikle betre samanheng mellom det spesialpedagogiske og det allmennpedagogiske og slik styrke den inkluderende praksisen.

I vedtak om spesialpedagogisk hjelp blir det, etter sakkunnig vurdering, sett inn spesialpedagog. I tråd med enkeltvedtak og vedtak om tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne styrker barnehagen si bemanning. Dei private barnehagane får refusjon frå kommunen når dei etter vedtak tilsett ressursassistent.


Kostra barnehage

Kostra barnehage

Nøkkeltall 2023 Eining Giske Ålesund Sula Kostragruppe 01 Landet uten Oslo
Andel barn 1-2 år i barnehage, i forhold til innbyggarar 1-2 år prosent 90,7 90,2 100,9 88,9 88,8
Andel barn 1-5 år i barnehage, i forhold til innbyggarar 1-5 år prosent 96,6 94,5 98,9 93,7 94
Andel barn 3-5 år i barnehage, i forhold til innbyggarar 3-5 år prosent 100,6 97,5 97,7 96,7 97,3
Andel barn i kommunale barnehagar i forhold til alle barn i barnehage prosent 20,1 30,3 44,9 56,2 50,1
Antall barn korrigert per årsverk til grunnbemanning, alle barnehagar antall 5,9 5,8 5,9 5,7 5,7
Andel barnehagelærarar i forhold til grunnbemanning prosent 37,9 41,1 41,3 43 41,3
Andel barn i kommunale barnehagar som får spesialpedagogisk hjelp prosent 4,7 5,4 4,3 3,7 4
Korrigerte brutto driftsutgifter til barnehagar (f201, f211, f221) per korrigerte oppholdstimer i kommunale barnehagar kr 110,9 99,4 92,2 94,3 97,2
Andel minoritetsspråklige barn i barnehage i forhold til innvandrerbarn 1-5 år prosent 91,4 83,6 86 82,4 85,8
Netto driftsutgifter barnehagar i prosent av kommunens totale netto driftsutgifter prosent 17,5 15,7 17,7 13,6 14,2
Netto driftsutgifter barnehagar, per innbyggar 1-5 år kr 203 075 203111 220,708 211 762 211 694
Korrigerte brutto driftsutgifter f201 per korrigerte oppholdstimer i kommunale barnehagar kr 79 74,9 72,7 76,6 76,2