Flyktningtenesta og introduksjonsprogrammet
Giske kommune vedtok i Hanslings- og økonomiplan 2023 å ta i mot 15 nye flyktningar. Grunna auka behov for mottak av flyktningar gjorde Giske kommune nytt vedtak å ta i mot 50 nye flyktningar i 2023. Flytningtenesta hadde 2,5 årsverk og fekk tilført ila året ytlegare 1 årsverk for å klare å følgje opp oppgåvene.
2023 har vore eit svært krevjande år for flyktningtenesta. Kommunen tok imot 49 flyktningar i 2022 og 43 nye flyktningar i 2023. Kommunen har ikkje tilstrekkeleg kapasitet på kommunale bustadar. Dei fleste av flyktningane har inngått private leigeavtalar. Tilsette rapporterer om ein stadig meir utfordrande leigemarknad på grunn av det høge talet på flyktningar som kjem samtidig. På grunn av krigen i Ukraina er det venta ein auke i etterspurnaden etter kommunale tenester i tida som kjem. Giske kommune har vedtatt mottak av inntil 65 nye flyktningar i 2024. Flyktningtenesta samarbeider tett med fleire tenester både i kommunen, NAV, legesenteret og vaksenopplæringa.