Psykisk helsearbeid

Tenesta har opprinneleg to stillingar, ein psykolog og ein familiterapeut, men grunna permisjon psykolog og ikkje lykkast å tilsette i denne, har tenesta blitt drifta av 1 årsverk i 2023. 70 born, unge og familiar fekk tilbod av tenesta i 2023. Det har vore litt ventetid grunna vakant stilling. Tal viser ei ganske stor breidde i saker som blir henvist frå lettare til moderate angst- og depresjonsplager, til meir alvorlege plager som vanskar med å gå på skule, traumer, overgrep og kjønnsidentitet. Støtte til foreldre og andre omsorgspersonar er ein viktig del av arbeidet i teamet.