Bygg- og eigedomsavdelinga
5100 Eigedomsavdelinga
Rekneskap 2023 : Meirforbruk på 424 000
Kontogruppe 10 – Lønnskostnader
Overforbruk på lønnskostnader skuldast lønnsauke frå april til reinhaldarar som tok fagbrev. Det er også overforbruk på innleigd hjelp innan reinhald, auka sjukefråver innan reinhald.
Kontogruppe 11 – Driftskostnader
Mindreforbruk. Dette skuldast at straumutgiftene er mindre enn budsjettert som følgje av finansielt utbytte. Tek vi ut konto 1180 straum, har vi og eit mindreforbruk. Overskot konto 1100-1199 må sjåast i samanheng med meirforbruk i kontogruppe 12.
Kontogruppe 12 – Vedlikehaldskostnader
Meirforbruket skuldast mellom anna istandsetting av 1 bueining ved Løkevegen BF og 1 bueining ved Gudmundvegen 2, omlegging til Ledlys 3.etg rådhus m.m. Ser vi isolert på konto 1230 er denne kraftig underfinansiert, og avdelinga fekk ei tilleggsløyving på kr 1,5 mill. Mykje av dette vart nytta til vedlikehald av utleigebustadar. Vedlikehald av utleigebygg vil sikre rask utleige og dermed husleigeinntekter. Då konto gruppe 1200 vedlikehald er generelt underbudsjettert, må det ventast eit overforbruk. Redusert straumkostnad og auka husleigeinntekt vert nytta til dekning overforbruk. Elles er det vanskeleg å kompensere i driftsbudsjettet.
Kontogruppe 16 - Salsinntekter
Inntekter frå husleige er større en budsjettert pr. dato. Særleg konto 2652 Utleigebustadar gjev meir inntekt enn budsjettert. Dette skuldast 100% utleige mot budsjett utleige på 80%.
Kontogruppe 17 - Refusjonar
Sjukelønnsrefusjon og refusjon frå staten utgjer ca. kr 1 324 000 av mindreforbruket, men må sjåast i samanheng med innleige av vikar(lønstilskot) og sjukelønnsrefusjon.
Rekneskap oversikt (tal frå januar 2024)
Konto | Budsjett | Rekneskap | Avvik | |
---|---|---|---|---|
10 | Lønnskostnader | 14 042 513 | 15 627 955 | -1 585 442 |
11 | Driftskostnader | 10 847 500 | 9 194 560 | 1 652 940 |
12 | Vedlikehaldskost. | 5 347 000 | 8 090 315 | -2 743 315 |
13 | Kjøp av tenester | 35 000 | 4 200 | 30 800 |
14 | Overføringsutg. | 2 628 195 | 3 918 395 | -1 290 200 |
15 | Finansutgifter | 23 065 603 | 23 064 899 | 704 |
16 | Salsinntekter | -13 349 738 | -14 763 279 | 1 413 541 |
17 | Refusjonar | -2 906 295 | -5 327 283 | 2 420 988 |
18 | Overføringsinnt. | 0 | 0 | |
Sum | 39 709 778 | 39 809 762 | -99 984 |