Utvikling og mål i planperioden

Overordna mål

Dei overordna måla til Giske kommune blir gitt i kommuneplanen sin samfunnsdel. Det vert arbeidd etter Samfunnsplanen for åra 2023 - 2033. Den legg til grunn at Giske skal vere ein samspelkommune. I samspelkommunen legg ein at eige ansvar, frivillig innsats og profesjonelle tenester spelar på lag på nye og kreative måtar. Dette er viktig i dag og i framtida, og særleg når vi ser korleis demografien i kommunen vil utvikle seg i same periode.

Tre satsingsområde

med retningsmål: slik vil vi ha det og strategiar: slik vil vi gjere det peikar på dei områda som skal ha ekstra merksemd og ressursar i planperioden:

  • Giske som bukommune – ein god plass å leve heile livet

Gode levekår gjennom heile livsløpet

  • Giske som næringskommune – eit framtidsretta næringsliv

Aktiv medspelar overfor eksisterande næringsliv samt legge til rette for etablering av nye berekraftige verksemder og næringar

  • Giske som samspelkommune – Giske på lag med Sunnmøre – betre saman

Godt samspel mellom det offentlege, private, frivillige organisasjonar og ålesundsregionen

Arealstrategien skal medverke til at måla i samfunnsdelen blir nådd gjennom arealpolitikken.

Forutsetningane for å lukkast omhandlar sentrale rammevilkår og korleis organisasjonen er rusta for at kommunen skal lukkast med satsingsområda.

Basert på satsingsområda i samfunnsplanen har kommunen i 2023 arbeidd med følgande hovedområde:

  • implementere FN sine berekraftsmål i prosesessen med kommuneplanen sin arealdel og i organisasjonen
  • med fylkeskommunale midlar vedtatt å starte tettstadutvikling av kommunesenter Valderhaugstrand med Skaret
  • med midlar frå landbruksdepartementet lagt opp til å utarbeide jordvernstrategi parallellt i prosessen med kommuneplanen sin arealdel
  • samarbeid med private og offentlege instansar for å etablere innfartsparkering i kollektivknutepunkt Ytterland
  • utvikle Nasjonal fiskerihamn på Gjøsundneset i tråd med berekraftsmåla
  • halde ved like og utvikle samarbeidet med nabokommunane på plan- og driftssida
  • vidare satsing på digitalisering og auka bruk av teknologi i tenesteytinga - gevinstrealisering
  • auka bruk av sjølvbetente løysingar og automatiserte tenester
  • vidare fokus på tverrfagleg samarbeid i og mellom fagområde - koordinerte tenester
  • vidare gjennomgang av organisering og tenestenivå for å sikre at dette er tilpassa den økonomiske situasjonen kommunen er i
  • vurdere yttarlegare strukturendringar
  • vidareføre samarbeidet med NAV i form av prosjektet "Ressursar finn kvarandre"
  • vidare organisasjonsutvikling gjennom:
    • implementering av prosjektet "Omstilling av fellesfunksjonar i Giske kommune".
      Ny organisering og arbeidsfordeling mellom stab og linje skal iverksetjast
    • intensivering av innsats for å sikre rett kompetanse i alle tenesteområde
    • styrka fokus på arbeidsmiljø og redusert sjukefråvær
    • styrka leiarkompetanse
    • styrka fokus på internkontroll og kvalitetsarbeid