Grunnskule, SFO og skuleskyss
Grunnskular
Giske har 5 grunnskular: Godøy skule ,Vigra skule, Valderøy barneskule, Giske skule og Giske ungdomsskule.
Elevtal per 1. oktober 2023
1.-4. klasse | 5.-7. klasse | 8.-10. klasse | SUM | |
---|---|---|---|---|
Vigra skule | 112 | 73 | 0 | 185 |
Valderøy barneskule | 259 | 176 | 0 | 435 |
Giske skule | 62 | 31 | 0 | 93 |
Godøy skule | 86 | 54 | 0 | 140 |
Giske ungdomsskule | 0 | 351 | 351 | |
Totalt | 519 | 334 | 351 | 1204 |
Grunnskule
Grunnskuletenestene kosta i 2023 netto 133 mill. kroner.
Kostnaden til funksjon 202 grunnskule netto driftsutgiftar pr. innbyggar 6-15 år, var i 2023 145 404 kroner, 29 % av netto driftsutgifter. Vi har no høgare prioritet for grunnskule enn Ålesund og Sula.
- Grunnskuletenesten leverte på minste lærarnorm, med opplæring i alle fag.
- 8 av 120 tilsette i lærarstilling hadde ikkje godkjent lærarutdanning per 1. oktober 2023.
- Det har vore krevjande for skulane å prioritere tidleg innsats i form av ulike intensivkurs i t.d. lesing og matematikk etter § 1-4, dette vart tema for budsjett 2024.
- Leiarutviklingsarbeidet i oppvekst vart avslutta i mai 2023.
- Alle skulane er med i skulebasert kompetanseutvikling knytt til Fagleg inkludering i partnerskap med Høgskulen i Volda.
- Godøy skule fekk etablert nytt leikeområde med betre tilrettelegging for dei yngste elevane.
- Arbeid med å bygge ny skule på Vigra er i planprosess
- Det vart løyvd investeringsmidlar for utstyr til to nye opplæringstilbod ved Giske ungdomsskule TV-studio og E-gamingrom.
Spesialundervisning - varige betre praksisar
I løpet av 2023 vart det tilsett avdelingsleiar og to saksbehandlarar i PPT, eit heilt nytt PPT altså. PPT har jobba for å løyse ventelisteproblematikken og slik lukke avvika som låg på vent. Grunna vakanser i PPT har mange elevar venta lenge på sakkunnig vurdering.
Manglande kontinuitet og redusert omfang i den tidlege innsatsen, td lesekurs, låg grunnbemanning i barnehage, matematikk-kurs og to-lærarsystem, synes å bidra til å generere auka spesialundervisning i Giske kommune. Auken skjer i hovudsak hos dei eldste elevane i form av mange små vedtak. Gjennom å betre kvaliteten og gjennom å utvide omfanget av den tidlege innsatsen, i tråd med § 1-4, vil behovet for spesialundervisning bli redusert på sikt.
Det har også i 2023 vore eit gjennomgåande fokus på kompetanseutvikling knytt til inkluderande praksis for alle tilsette i oppvekstsektoren og med utgangspunkt i leiargruppene. Det er også lagt eit godt grunnlag for betre tverrfagleg innsats gjennom utvikling av BTI-modellen. Timar gitt til spesialundervisning i 2022 tilsvarar 25 % av det totale undervisningstimetalet, noko som må sjåast i samanheng med den låge prioriteringa av ressursbruken i grunnskule. Dei nasjonale tala er 18,2%.
Andel elevar med vedtak om spesialundervisning
Andel av undervisningstimar til spesialundervisning av undervisningstimar totalt
SFO - Skulefritidsordning
Det er SFO-ordning ved alle barneskulane i kommunen. SFO er meint å vere sjølvfinansierande med unntak av ekstra kostnader til barn som treng særskild tilrettelegging. Månadsprisen er 3.585 kroner for full plass. Dette er den høgaste foreldrebetalinga i fylket, noko som kan vere ei medverkande årsak til at ein relativt mindre del av elevar i 2.-4. årstrinn har SFO. Berre 7% av 4. klassingane nyttar seg av SFO-tilbodet, 34 % på landsbasis. (sjå grafen nedanfor).
I samarbeid med selskapet Envidan blir det kvart år gjort sjølvkostkalkyler i høve til SFO-tilbodet. Kostnader til stabsfunksjonar og ekstra tiltak for barn med særlege behov blir haldne utanfor.
Frå 1. august 2020 vart det innført to moderasjonsordningar: Redusert foreldrebetaling for foreldre med barn på 1. og 2. klassetrinn. Foreldrebetalinga per barn skal maksimalt utgjere seks prosent av inntektene til hushaldninga. Barn med særskilte behov på 5.-7. trinn har rett til gratis SFO.
Frå august 2023 har både 1. og 2. klassingar tilbod om gratis kjernetid på 12 timar per veke. Vi ser ei markant auke av barn i SFO.
Nettokostnadene til SFO har auka kraftig dei siste åra og frå 2023. Gratis kjernetid for elevar på 1. og 2. årssteg kombinert med fleksible arbeidstidsordningar, gjer at fleire familiar greier seg med gratis kjernetid. Kommunen prioriterer også tilrettelegging med tett oppfølging av barn med særskilte behov for tilrettelegging.
Foreldrebetalinga for SFO var med 3.585 kroner for heil plass den høgaste i fylket.
Tal på barn i SFO | Tal på barn med full SFO-plass | Tal på barn i SFO | Tal på barn med full SFO-plass | Tal på barn i SFO | Tal på barn med full SFO-plass | Tal på barn i SFO | Tal på barn med full SFO-plass | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Skule \ år | 20-21 | 20-21 | 21-22 | 21-22 | 22/23 | 22/23 | 23/24 | 23/24 |
Giske skule | 22 | 17 | 35 | 17 | 39 | 16 | 35 | 17 |
Godøy skule | 37 | 25 | 39 | 15 | 37 | 18 | 52 | 14 |
Valderøy barneskule | 131 | 65 | 124 | 50 | 124 | 64 | 146 | 74 |
Vigra skule | 58 | 30 | 55 | 33 | 55 | 30 | 59 | 41 |
SUM | 248 | 137 | 253 | 115 | 255 | 128 | 292 | 146 |
Skuleskyss
Fylkeskommunen organiserer både ordinær skyss og tilpassa skyss for elevar med særlege behov. Kommunen betaler ein eigenandel som tilsvarer enkeltbillett på buss etter ordinær takst, både for ordinær skyss og tilpassa skyss. Dette gjeld óg skyss for elevar ved private skular, der kommunen betaler skyss til kommunegrensa. Elevar med delt bustad kan ha rett til skyss frå begge heimane. For elevar i 1. klasse er skyssgrensa 2 km, for eldre elevar er skyssgrensa 4 km.
I hausthalvåret hadde til saman 289 elevar rett til skyss. Totalkostnaden var 2.249.000 kroner.
Kostra grunnskule 2023
Nøkkeltal | Eining | Giske | Sula | Ålesund | Kostragr. 1 | Landet utan Oslo |
---|---|---|---|---|---|---|
Årstimar til særskilt norskopplæring per elev med særskilt norskopplæring | Antal | 25,3 | 64,5 | 25,9 | 46,6 | 36,7 |
Årstimar til spesialundervisning per elev med spesialundervisning | Antal | 152,2 | 120,2 | 149,4 | 138,2 | 146,2 |
Elevar i kommunale og private grunnskular som får særskilt norskopplæring | Prosent | 4,2 | 2,8 | 7 | 5 | 5,9 |
Elevar i kommunale og private grunnskuler som får spesialundervisning | Prosent | 8,8 | 9,1 | 9,6 | 9,7 | 8,1 |
Elevar på mestringsnivå 3-5, nasjonale prøver i lesing 8.trinn | Prosent | 76,9 | 55,1 | 59,2 | 62,1 | 64,3 |
Elevar på mestringsnivå 3-5, nasjonale prøver i regning 8.trinn | Prosent | 66,0 | 69,3 | 63 | 64,3 | 64,9 |
Gruppestorleik 2 | Antal | 15,3 | 17,2 | 16,9 | 15,1 | 15,6 |
Gjennomsnittleg grunnskulepoeng | Antal | 41,1 | 42,2 | 42,8 | 41,4 | 42,2 |
Netto driftsutgifter grunnskulesektor (202, 215, 222, 223), i prosent av samla netto driftsutgifter | Prosent | 29,0 | 25,4 | 24,2 | 24,2 | 23,2 |
Netto driftsutgifter til grunnskulesektor (202, 215, 222, 223), per innbyggar 6-15 år (kr) | Kroner | 145 407 | 126 593 | 138 245 | 154 431 | 147 486 |