Legetenesta

Tal listepasienter pr. 31.12.23: 8546

Kommunen har full legedekning med 11 fastlegar med avtaleheimel + 1 turnuslege (LIS1). Den siste heimelen vart oppretta i oktober 2023. Kapasiteten er god og det er ledig plass på dei nyoppretta listene. Ingen av fastlegane har listelengde over 1000, listelengda ligg mellom 750 og 900 pasientar per lege. Kapasiteten ved legesenteret er sprengt og det vil ikkje vere mogleg å etablere enda ein fastlege i eksisterande lokaler. Basistilskotet har auka slik at det er økonomisk mogleg for fastlegane å ha kortare lister. Dette er ei nasjonal satsing for å redusere arbeidspresset på fastlegane og eit tiltak for å rekruttere og behalde.