Organisasjon

TILSETTE

I alt 615 personar var tilsett i Giske kommune ved utgangen av 2023. Av desse er 495 kvinner (411 årsverk) og 120 menn (106 årsverk). Dei 615 tilsette er fordelt på 517 årsverk.

Kjelde: KS' PAI-register

Tilsette fordelt på sektor og kjønn

Tilsette fordelt på sektor og kjønn

2020 2021 2022 2023
Kvinner Menn Totalt Kvinner Menn Totalt Kvinner Menn Totalt Kvinner Menn Totalt
Totalt 508 119 627 523 111 634 510 113 623 495 120 615
Sentraladministrasjon 17 4 21 19 3 22 20 3 23 22 3 25
Oppvekst 220 50 270 211 43 253 219 44 263 221 44 265
Helse/sosial 251 37 288 272 37 309 262 44 306 241 46 287
Kultur 3 3 6 2 3 5 2 3 5 3 3 6
Teknisk 10 20 30 8 19 27 7 19 26 8 24 32
Anna 7 5 12 11 6 18

Lærlingar

Giske kommune hadde også i 2023 eit godt samarbeid med Sunnmøre kommunale opplæringskontor. Det har vore 6 lærlingar fordelt på faga helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar og institusjonskokk. Det var er eit ønskje å auke talet på lærlingar, men på grunn av svært stram økonomi er det ikkje gjort.

Sjukefråvær

Giske kommune får kvart år fråværsopplysningar frå Statistisk sentralbyrå. Her får vi ikkje informasjon om fråværet for heile året, og legemeldt fråvær for 3. kvartal 2022 var 6,6 % , mot 6,7 % i fjor.

Sjukefråværet for 4. kvartal (2022 og 2023: 3. kvartal) fordelt på sektor - Giske kommune (Kjelde: SSB)

Sjukefråværet for 4. kvartal (2022 og 2023: 3. kvartal) fordelt på sektor - Giske kommune (Kjelde: SSB)

Næring 2018 2019 2020 2021 2022 - Q3 2023 - Q3
Alle næringer 7,0 6,5 6,5 7,3 6,6 6,7
Offentlig administrasjon mv. 6,6 5,7 6,6 3,3 8,1 2,1
Off. adm., undervisning, helsetj. samt pleie og omsorg 6,7 6,7 6,2 7,1 6,6 6,4
Undervisning 6,4 8,0 3,9 7,1 6,5 55
Grunnskoleundervisning 6,9 8,3 4,0 7,1 6,2 4,8
Helsetjenester 6,1 3,0 6,1 8,1 7,1 9,2
Pleie og omsorgstjenester i institusjon 3,9 5,0 3,0 6,8 5,9 7,1
Andre omsorgsinstitusjoner samt bofellesskap 7,7 7,9 8,7 7,9 7,5 8,4
Sosiale omsorgstj. uten botilbud, ekskl. barnehager 4,4 4,8 9,1 10,3 2,7 8,2
Barnehager 8,6 7,1 5,4 3,7 4,3 1,4
Barnevernstjenester 1,4 2,5 7,9 13,3 4,7 20,7
Kommunale sosialkontortjenester 18,9 5,2
Tal for sjukmelde i 4. kvartal 2022 var ikkje tilgjengeleg i SSB-statistikken då tabellen vart lagt inn i årsmeldinga. Tala for 2023 er difor henta frå 3. kvartal.

Heiltid

Mest mogleg heile stillingar er viktig for kontinuitet, stabilitet og samla kompetanse. Det betyr mykje for arbeidsmiljø, likestilling og kvaliteten på tenestetilbodet.

Talet på heiltidstilsette har auka siste åra, og det er bra! Det har imidlertid vore ein nedgong i heiltidstilsettingar samanlikna med 2022. I 2023 arbeidde 51 % av alle tilsette i Giske kommune heiltid. I helse/pleie/omsorg var det 32 % som arbeidde heiltid, mot 33 % i 2022. I undervisning var andelen 65 % mot 67 % i 2022. I barnehage var det 46 % heiltidstilsette, mot 52 % i i 2022.

73 % av alle tilsette arbeider i 75 % stilling, eller meir. I 2022 var andelen 75 %.

Gjennomsnittleg stillingsbrøk i Giske kommune var 81 % mot 82 % i 2022 og 79% i 2021.

Likestilling

Kjønnsbalansen i Giske kommune er 80 % kvinner og 20 % menn. Fordeling mellom kvinner og menn i oppvekst er 83 % kvinner og 17 % menn, i helse/pleie /omsorg er fordelinga 84 % kvinner og 16 % menn. Lønsutvikling kvinner og menn kjem fram av tabellen under.

Av 21 leiarar i kommunedirektøren sitt leiarforum var 4 menn og 17 kvinner. Kvinnene si snittløn var kr 914 220,- og mennene si snittløn var kr 896 712,-. Kommunedirektør og 3 kommunalsjefar er ikkje med her.

Omsyn til likestillingslovgivinga sine krav er nedfelt i arbeidsgivarpolitiske dokument som lønspolitisk plan, prosedyre for rekruttering, handtering av mobbing og trakassering o.l. og tydeleg belyst i all leiaropplæring. Det underrepresenterte kjønn vert oppfordra til å søkje ledige stillingar, - Giske kommune er som alle andre kommuner sterkt kvinnedominert. Tilrettelegging for seniorar og tilsette med funksjonsnedsettelse er tema i medarbeidar- og oppfølgingssamtaler. I helse og omsorgstenesta er uønska deltid kartlagt, og resultatet har vore eit nyttig utgangspunkt i arbeidet med å redusere uønska deltid.

Lønsutvikling kvinner og menn

Lønsutvikling kvinner og menn

Årsløn 2018 Årsløn 2019 Årsløn 2020 Årsløn 2021 Årsløn 2022 Årsløn 2023
Kvinner 472 740 491 940 529 008 552 216 572 304 611 346
Menn 486 660 503 892 525 024 552 300 575 688 619 824

Heiltid og deltid i Giske kommune (oppgitt i %) - fordelt på sektor

Heiltid og deltid i Giske kommune (oppgitt i %) - fordelt på sektor

2020 2021 2022 2023
Alle Deltid 56 52 48 49
Heiltid 44 48 52 51
Administrasjon Deltid 57 55 49 44
Heiltid 43 45 51 56
Undervisning Deltid 46 38 33 35
Heiltid 54 62 67 65
Barnehagar Deltid 56 52 47 54
Heiltid 44 48 53 46
Helse/pleie/omsorg Deltid 73 70 67 68
Heiltid 27 30 33 32
Samferdsel og teknikk Deltid 50 20 19 10
Heiltid 50 80 81 90

Tilsette fordelt på stillingsstorleik per tilsett

Tilsette fordelt på stillingsstorleik per tilsett

2020 2021 2022 2023
Stillingsstorleik per tilsett Kjønn Tal på tilsette Prosent Tal på tilsette Prosent Tal på tilsette Prosent Tal på tilsette Prosent
0 - 24,9% Kvinner og menn 42 6,7 46 7,3 44 6,8 40 6,3
Kvinner 35 6,9 36 6,9 35 6,7 30 5,9
Menn 7 5,9 10 9,0 9 7,4 10 8,0
25 - 49,9% Kvinner og menn 47 7,5 39 6,2 36 5,6 45 7,1
Kvinner 39 7,7 30 5,7 29 5,6 38 7,5
Menn 8 6,7 9 8,1 7 5,8 7 5,6
50 - 74,9% Kvinner og menn 101 16,1 96 15,1 81 12,6 87 13,7
Kvinner 84 16,5 90 17,2 70 13,4 78 15,3
Menn 17 14,3 6 5,4 11 9,1 9 7,2
75 - 99,9% Kvinner og menn 160 25,5 152 24,0 150 23,3 138 21,7
Kvinner 150 29,5 140 26,8 137 26,2 124 24,3
Menn 10 8,4 12 10,8 13 10,7 14 11,2
100% Kvinner og menn 277 44,2 301 47,5 332 51,6 325 51,2
Kvinner 200 39,4 227 43,4 251 48,1 240 47,1
Menn 77 64,7 74 66,7 81 66,9 85 68,0

Rekruttering

Giske kommune har som dei alle fleste kommuner store utfordringar når det gjeld å rekruttere helsepersonell, dette gjeld i særleg grad sjukepleiarar og vernepleiarar, men ein ser også auka utfordring i å rekruttere nok fagarbeidarar. Det er også vanskeleg å få tilsett tilstrekkeleg kvalifiserte personar i ledige undervisningsstillingar, - det er for mange ufaglærte i oppvekstsektoren. I teknisk sektor er heller ikkje søkjarlistene lange, men der er kvalifiserte søkjarar.

Innan oppvekstsektoren er det ikkje innført ekstra rekrutteringstiltak i særleg grad. For pleie og omsorgstenestene er fleire rektrutteringstiltak sett i verk for å betre på situasjonen. Det er nytta stipendordning for sjukepleiarar og vernepleiarar, det er etablert dagstillingar innan sjukepleie, og det er gjort ein god jobb i å endre arbeidsfordelinga til sjukepleiarar, fagarbeidarar og assistentar slik at sjukepleiarar får brukt kompetansen sin hovudsakleg til reine sjukepleiefaglege oppgåver. Det er vidare innført ordning med kjøkkenvert, og alle omsorgsdistrikt har, i samarbeid med NAV, personar på arbeidspraksis. Løn godt over tariff er også brukt som eit rekrutteringstiltak.