• Forside
  • Vesentlege avvik frå kommunestyret sine premiss for bruk av bevillingane

Vesentlege avvik frå kommunestyret sine premiss for bruk av bevillingane

Innleiing og føresetnader for økonomiplanen 2023 - 2026

Drift

Utgangspunktet for arbeidet med handlings- og økonomiplanen for 2023 - 2026 var å utarbeide konsekvensjustert budsjett for 2023 for kva det vil koste å drive kommunen sitt tenestetilbod med den standarden og det volumet som er etablert, og med full årseffekt av endringar og sparetiltak som vart sett i gong i løpet av 2022.

For å få eit budsjett i balanse, vart det i tillegg utarbeidd tiltak. Ein del av dei vedtekne tiltaka viste seg å ikkje vere gjennomførbare, andre kom så seint i gang at det ikkje vart ønska effekt i 2023. Det vart gjennom heile 2023 lagt fram saker og rapportar for formannskap og kommunestyret som viser statusen og effekten av tiltaka. Tiltaket "Leanprosessar og endring i turnus" vart starta i 2022. Tiltaket er vidareført og utvida i 2023 i eit nytt tiltak - "Pleie og omsorgstenester i takt med framtida", og effektane av tiltaket vil først kome frå 2023 og framover.

Lønsauke for 2023 vart lagt inn i budsjettet med 2,45 prosent, noko som tilsvarer ein heilårsvekst på 4,2 prosent. Lønsveksten vart 5,2 prosent - ein auke på 1 prosent i høve budsjettet.

Ved budsjetteringa vart det lagt til ein auke på 8,5 mill.kr i skatteinntekter ut over KS sin prognosemodell. Skatteinngangen vart kr 6 575 653 lågare enn det som vart lagt til grunn i budsjettet.

Rammetilskotet vart kr 15 632 118 høgare en budsjettert. Av dette utgjer auke i inntektsutjamning 9,6 mill.kr. Rammetilskotet har auka som følge av nysalderingar. Auken i rammetilskotet kjem b.la av kompensasjon som følge av høg løns- og prisvekst samt gratis SFO 2. trinn.

Det har vore 4 budsjettendringar i løpet av året der anslaget for rammetilskot har vorte auka med ca 6 mill.kr. I tillegg har budsjettet blir styrka med 10,6 mill.kr gjennom bruk av disposisjonsfond.

Auka rentenivå og høgare innskot enn forutsett då budsjettet vart lagt, har medført at renteinntektene vart 4,9 mill.kr høgare enn budsjettert. Saman med svært god avkastnig på midlar til forvaltning, har dette betra reultatet med 13 mill.kr.

Investering

Detaljert oversyn over avvik per prosjekt ligg i del 3, Investeringar - oversikt over prosjekt.

Prosjekt 5857 Mudring Gjøsundet var ein premiss som har medført endringar i høve investeringsbudsjettet. Målsettinga for området - nasjonal fiskerihamn - er politisk avklart i gjeldande reguleringsplan for området. Giske kommune lukkast i 2018, etter mange års politisk og administrativt arbeid, å få mudring/utdjuping av Gjøsundet inn på nasjonal transportplan (NTP) for 2024 – 2029. Løyvinga i NTP er på 105 mill. + mva. I september 2019 vart det inngått avtale med Samferdselsdepartementet om forskottering av arbeidet.

Kommunen har gjennomført mudring av havna på vegne av Kystverket, og prosjektet vart fullført i 2023. På grunn av usikkerheit om når kommunen kunne få utbetalt løyvinga på 105 mill.kr frå Kystverket, vart utbetalinga ikkje budsjettert. Utbetalinga kom 28.12.23. Tilskotet er bokført i investeringsrekneskapet og medførte eit mindreforbruk i investeringsrekneskapet slik at stryktningsbestemmelsane i Forskrift om økonomiplan, årsbudsjett, årsregnskap og årsberetning for kommuner og fylkeskommuner mv § 4 - 6 måtte følgast, og b.l.a. det budsjetterte låneopptaket på kr 98 475 000 måtte strykast. Dette har gitt kommunen eit ubunde investeringsfond på kr 52 512 579 i tillegg til auke i ubrukte lånemidlar på kr 52 487 421.