MÅL
Giske kommune skal ha ein berekraftig kommunal økonomi
MÅL | Det skal vere økonomisk balanse i drifta kvart år i planperioden | Netto driftsresultat skal vere 1,75% av brutto inntekter frå 2023 | Det skal avsetjast til disposisjonsfond kvart år i perioden. | Disposisjonsfondet skal vere 10% av brutto driftsinntekter innan 2027. |
Korleis lukkast | Alle einingar må tilpasse tildelt budsjettramme | Alle einingar må tilpasse tildelt budsjettramme | ||
Korleis måle | Netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter | Av Rekneskapsmessig meir/mindreforbruk skal 1,75% av brutto drifsresultat setjast av til disposisjonsfond | ||
Resultatmål 2023 | 3 - 5 % | - 0,66 % | kr 1 138 | 1,88 % |
Resultat 2023 | 0,37 % | 0,37 % | kr 21 631 020 | 5,8 % |
Giske kommune har handlingsregel for økonomisk berekraft, jf. tabell under, som viser måla som er fastsett i økonomiplan og indikatorar for rekneskap 2023.
Handlingsreglar, retning for dei kommunale tenestene i planperioden
Nøkkeltall | Vedteke nivå | Resultat 2023 | Resultat 2022 |
---|---|---|---|
Netto driftsresultat i % av driftsinntekter | 3-5% | 0,37 % | 4 % |
Disposisjonsfond i % av driftsinntekter | 5-10% | 5,84 % | 4,57 % |
Netto finansutgifter i % av driftsinntekter | 2-3% | 6,96 % | 8,1 % |
Netto lånegjeld i % av driftsinntekter | Maks 100% | 142 % | 140 % |
Avvik frå budsjett (netto driftsresultat) | 0,5-1% | 118,7 % | 469 % |
Modellen for økonomisk berekraft set krav til langsiktig økonomistyring av kommunen. Handlefridom og robustheit er berande element i modellen. Kommuneøkonomien skal kunne handtere uforutsette hendingar utan at det får konsekvens for tenestetilbodet samtidig som generasjonsprinsippet vert ivareteke.
Kommunen har auka disposisjonsfondet, og Giske kommune er dermed mindre sårbare overfor svingningar.