Sjølvkostområde - gebyrfinansierte tenester

5000 Byggesak

Byggesak - ansvar 5000

Rekneskap 2023: Meirforbruk kr. 1 155 000

Det vart i 2023 politisk vedtatt å tilsette ein ny saksbehandlar på byggesak.

Dette var det ikkje budsjettert for, og lønnskostnader frå mars for nytilsetting fører til meirforbruk på lønnskostnader.

Når det gjeld gebyrinntekter, vil ein ikkje nå budsjetterte inntekter i 2023. Det er framleis stort etterslep av saker som ein ikkje kan ta gebyr på, og det vert arbeidd kontinuerlig for å minske talet på restansesaker.

5310 Feiing og tilsyn

Rekneskap 2023: Bruk av fond 226 763

Fond pr. 31.12.2023 er på kr. 754 088

Feietenesta vert kjøpt frå Ålesund kommune, og det vert feia annakvart år. Feiing vart gjennomført i 2023.

5410 Oppmålingsforretning

Rekneskap 2023 : Bruk av fond: 380 919

Fond pr. 31.12.2023 er på kr. 727 953

Kommunen kjøper oppmålingstenester frå privat landmålarforetak. Pr. i dag utgjer kjøp av slike tenester halve oppmålingsgebyret. Øvrig halvdel av gebyrinntektene dekker kommunens eige arbeid med mottak av krav til matrikkelføring, kontroll av måleprotokoll samt matrikkelføring/tinglysing.

Det var for 2023 budsjettert med eit meirforbruk pga. bruk av eldre fondsmidlar.

6200 Vassforsyning

Rekneskap 2023: Bruk av fond kr 3 481 943

Fond pr 31.12.2023: kr 860 407

Tilstand i forsyningsnettet fører til om lag 40% lekkasje/svinn. Ein har difor auka utskiftingstakta og fornying av ledningsanlegga dei siste åra. Ein er i gang med å etablere målekummar for å betre omfang og lekkasjepunkt i ledningsstrekka.

Det vert arbeidd kontinuerleg med vedlikehald på faste installasjonar og utstyr. Budsjettert med bruk av fond i 2023.

Utført oppgradering på leidningsnettet 2020 2021 2022 2023
Antal nye meter leidningsnett 2 100 m 3000 m 1350 m 2339 m
Antal meter fornya 2 663 m 4334 m 2230 m 4335 m
Antal lekkasjereparasjonar 15 hendingar 10 hendingar 5 hendingar 6 hendingar

Vassmengde eigenproduksjon og kjøp

Vassmengde eigenproduksjon og kjøp

Vassmengde levert på nettet 2020 2021 2022 2023
Vassmengde frå Alnes vassbehandlingsanlegg 927 011 m3 969 237 m3 958 838 m3 890 473 m3
Vassmengde levert frå Ålesund 128 100m3 87 431 m3 64 582 m3 110 713 m3
Totalt forbruk inkludert lekkasje 1 055 111 m3 1 056 668 m3 1 023 420 m3 1 001 186 m3

6300 Avløp og rensing

Rekneskap 2023: Bruk av fond kr. 1 504 517

Fond pr. 31.12.2023 er på kr. 3 560 877

Hovudplan for VA vart ferdigstilt og vedteken i 2022. Planlegging av renseanlegg og plassering av dei var ein viktig del av dette arbeidet. Planlegging av vatn og avløpsløysing for næringsområdet på Gjøsundet har tatt mykje tid. Fleire pumpestasjonar på Roald har hatt problem med framandvatn og kartlegging av omfang og tiltak vert sett i gang i 2023.

Avløpsrør

Avløpsrør

2022 2023
Utskifting avløpsrør 329 314
Nye Avløpsrør 132 1253

6350 Slamtømming

Kommunen kjøper teneste hjå ÅRIM /Bingsa Gjenvinning AS. I tillegg er det tilsett ein person på tilsyn i 50% stilling. Vedkomande har slutta, og stillinga er førebels vakant.

Teneste 3540 Slamtømming: -

Teneste 3022 Tilsyn: Avsett til fond kr 257 598.

Fond pr 31.12.2023 kr 890 911

6400 Renovasjon

Rekneskap 2022: Meirforbruk på kr. 111 637

Fond pr 31.12.2023 kr -1 832 936. Fondet er negativt.