• Forside
  • Kommunedirektøren har ordet

Kommunedirektøren har ordet

Behov for omstilling og samhandling

I skrivande stund har eg vore tilsett i Giske kommune i om lag 10 månader, og møtet med Giske-samfunnet har vore fantastisk.

Her har eg møtt fagleg dyktige kollegaer, engasjerte innbyggarar og eit politisk miljø som ønskjer positiv samhandling.

Det er alltid litt spennande for administrasjonen når eit nytt kommunestyre skal veljast og ein får ny arbeidsgjevar, men det viste seg raskt at det nye kommunestyret ville vere ein trygg arbeidsgjevar som er ute etter å skape gode relasjonar mellom politikk og administrasjon. Dette set vi stor pris på.

Takk til dei politiske representantane som ikkje vart med vidare i politikken, de skal vere stolte av den dugnaden de har gjort for lokalsamfunnet.

Giske kommune har vore gjennom krevjande år, med pandemi og ekstraordinære utfordringar for å hjelpe menneske på flukt frå krig og konflikt i Europa. Dette har satt oss på prøve, men eg kan med stoltheit seie at både tilsette i administrasjonen og innbyggarane i Giske har utført ein stor innsats med denne utfordringa. Vi må likevel erkjenne at dette har medført slitasje på dei tilsette, og det har nok også vore ekstra krevjande for barn og unge i denne perioden.

Då er det godt å sjå den tydelege retninga politikarane har gitt administrasjonen i forhold til å tenkje førebygging, tidleg innsats og hindre utanforskap. Dette vil samfunnet ha stor nytte av i tida som kjem.

Når det gjeld økonomien har ekstraordinære inntekter dei tre siste åra gjort at ein har klart å sette litt pengar på bok. Disposisjonsfondet er no på om lag 47 million kroner. Dette kjem godt med i endå tøffare tider, for omstilling av drifta må halde fram for å balansere ordinært nivå på inntekter og forventa utgifter.

Demografien tilseier at vi om ikkje mange år vil måtte dreie endå meir av utgiftene til eldreomsorg og pleie. Talet på eldre over 80 år vil auke med om lag 85% dei neste 15 åra. Då må vi organisere tenestene slik at vi klarer å møte denne utfordringa samstundes som vi ikkje «slepp taket» på dei yngste innbyggarane. Vi må nok vere villige til å diskutere strukturendringar innan dei fleste tenesteområde. Med andre ord samle tenestetilboda på færre lokalitetar enn det vi har i dag. I så måte er Giske kommune i ein god posisjon ettersom det er korte avstandar internt i kommunen.

Avslutningsvis vil eg også nemne at administrasjonen har teke grep for å verte flinkare på å samhandle og koordinere oss internt, slik at innbyggarane skal oppleve betre flyt i møtet med kommunen sine tenester. Vi har derfor etablert ei ny eining som vi har kalla Samhandling og koordinering, med oppstart 01. juni 2024.

Med ønskje om fortsatt godt samarbeid!