Utvikling og mål i planperioden
Overordna mål
Dei overordna måla til Giske kommune blir gitt i kommuneplanen sin samfunnsdel. Det vert arbeidd etter Samfunnsplanen for åra 2023 - 2033. Den legg til grunn at Giske skal vere ein samspelkommune. I samspelkommunen legg ein at eige ansvar, frivillig innsats og profesjonelle tenester spelar på lag på nye og kreative måtar. Dette er viktig i dag og i framtida, og særleg når vi ser korleis demografien i kommunen vil utvikle seg i same periode.
Tre satsingsområde
med retningsmål: slik vil vi ha det og strategiar: slik vil vi gjere det peikar på dei områda som skal ha ekstra merksemd og ressursar i planperioden:
- Giske som bukommune – ein god plass å leve heile livet
Gode levekår gjennom heile livsløpet
- Giske som næringskommune – eit framtidsretta næringsliv
Aktiv medspelar overfor eksisterande næringsliv samt legge til rette for etablering av nye berekraftige verksemder og næringar
- Giske som samspelkommune – Giske på lag med Sunnmøre – betre saman
Godt samspel mellom det offentlege, private, frivillige organisasjonar og ålesundsregionen
Arealstrategien skal medverke til at måla i samfunnsdelen blir nådd gjennom arealpolitikken.
Forutsetningane for å lukkast omhandlar sentrale rammevilkår og korleis organisasjonen er rusta for at kommunen skal lukkast med satsingsområda.
Basert på satsingsområda i samfunnsplanen har kommunen i 2023 arbeidd med følgande hovedområde:
- implementere FN sine berekraftsmål i prosesessen med kommuneplanen sin arealdel og i organisasjonen
- med fylkeskommunale midlar vedtatt å starte tettstadutvikling av kommunesenter Valderhaugstrand med Skaret
- med midlar frå landbruksdepartementet lagt opp til å utarbeide jordvernstrategi parallellt i prosessen med kommuneplanen sin arealdel
- samarbeid med private og offentlege instansar for å etablere innfartsparkering i kollektivknutepunkt Ytterland
- utvikle Nasjonal fiskerihamn på Gjøsundneset i tråd med berekraftsmåla
- halde ved like og utvikle samarbeidet med nabokommunane på plan- og driftssida
- vidare satsing på digitalisering og auka bruk av teknologi i tenesteytinga - gevinstrealisering
- auka bruk av sjølvbetente løysingar og automatiserte tenester
- vidare fokus på tverrfagleg samarbeid i og mellom fagområde - koordinerte tenester
- vidare gjennomgang av organisering og tenestenivå for å sikre at dette er tilpassa den økonomiske situasjonen kommunen er i
- vurdere yttarlegare strukturendringar
- vidareføre samarbeidet med NAV i form av prosjektet "Ressursar finn kvarandre"
- vidare organisasjonsutvikling gjennom:
- implementering av prosjektet "Omstilling av fellesfunksjonar i Giske kommune".
Ny organisering og arbeidsfordeling mellom stab og linje skal iverksetjast - intensivering av innsats for å sikre rett kompetanse i alle tenesteområde
- styrka fokus på arbeidsmiljø og redusert sjukefråvær
- styrka leiarkompetanse
- styrka fokus på internkontroll og kvalitetsarbeid
- implementering av prosjektet "Omstilling av fellesfunksjonar i Giske kommune".