Utdrag av Giske Kommune sin rekneskap for 2023
Økonomisk oversyn drift - inntekter
Sum driftsinntekter, sum driftsutgitfer, Disposisjonsfond
Oversynet viser forholdet mellom sum driftsinntekter, sum driftsutgifter og disposisjonsfond, og ein ser at etter dei siste åra med større avvik mellom driftsinntekter og driftsutgifter er det no på veg tilbake. Dette viser at kommunen fortsatt har utfordringar med driftsnivået og auken frå 2021 og 2022 skriv seg frå ekstraordinære inntekter som ikkje er videreført. Dersom det ikkje vert gjort tiltak vil kommunen sin evne til å handtere gjeld, finansiere investeringar og setje av midler til fond bli svekka.
Giske kommune har framleis høg lånegjeld, og det er behov for ytterlegare styrking av disposisjonsfondet dersom kommunen skal ha ein berekraftig økonomi.
Løn og sosiale kostnader utgjer ein stor del av kommune sine utgifter. Det vart i 2023 utbetalt 282,5 mill. kr i fastløn, ei auke på 6,94% frå 2022, men ein nedgang på 1,8 % frå det opprinnelege budsjettet. Variabel løn hadde eit meirforbruk på 27,4 mill kr, 47,2 % og ein nedgang på 6,5 % frå 2022. Meirforbruket vert dekt av sjukelønsrefusjon med 25,2 mill.kr som ikkje er budsjettert. Sosiale kostnader vart ca 8,1 mill. kr (9,47%) over budsjett. Dette skriv seg i hovudsak frå auke i arbeidgjevaravgift og auka pensjonskostnader som følgje av auke i løn.
Teknisk Beregningsutvalget for inntektsoppgjørene (TBU) har rekna årslønsveksten for kommuneansatte frå 2022 til 2023 til 6,3 prosent.
Netto driftsutgifter per rammeområde
Regnskap | Buds(end) | Avvik(per.) | %- | Budsjett | Regnskap | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|
2023 | 2023 | 0 | forbruk | 2023 | 2022 | ||
1 | POLITISK STYRING | 5 724 453 | 4 766 251 | 958 202 | 120 | 4 766 251 | 4 484 224 |
2 | KOMMUNE LEIING - STAB | 26 966 413 | 25 276 085 | 1 690 328 | 107 | 25 276 085 | 21 987 918 |
3 | FELLESUTGIFTER/FELLESINNTEKTER | - 135 887 | 9 886 127 | - 10 022 014 | - 1 | 16 246 027 | - 6 671 834 |
4 | DIVERSE TENESTEOMRÅDE | 11 877 652 | 11 693 724 | 183 928 | 102 | 8 693 724 | 9 004 880 |
5 | OPPVEKST | 251 053 540 | 237 324 597 | 13 728 943 | 106 | 233 406 693 | 219 540 778 |
6 | BARN, FAMILIE, HELSE | 62 116 823 | 59 943 766 | 2 173 057 | 104 | 57 543 766 | 53 806 904 |
7 | PLEIE, OMSORG OG SOSIAL | 191 573 632 | 192 280 046 | - 706 414 | 100 | 181 038 618 | 200 249 383 |
9 | TEKNISK | 66 967 434 | 66 327 615 | 639 819 | 101 | 64 973 699 | 64 557 731 |
10 | KYRKJELEGE FØREMÅL | 5 751 400 | 5 751 400 | - | 100 | 5 751 400 | 5 504 500 |
Sum rammeområde | 621 895 460 | 613 249 611 | 8 645 849 | 839 | 597 696 263 | 572 464 484 |
Detaljar kring dei enkelte rammeommråda kjem lenger bak under del 2 Einingar.
Det har gjennom heile året og vore arbeidd med tiltak for å ta ned drifta. Fokuset på tiltak frå økonomiplanen, samt nye tiltak har vore stort.
Auken i driftsnivået frå 2022 har vore 8,63%. Om ein samanliknar med rekneskap frå 2022 justert med konsumprisindeksen på 4,7 prosent, har driftsnivået hatt ein større auke enn konsumprisindeksen. Auken utgjer ca 26,9 million kroner.