Finansinntekter / finansutgifter

Netto finansutgifter i 2023 vart kr 56 647 822. Finansplasseringar etter finansregl. § 8 gav ein gevinst på 14 056 983. Renteugifter vart omtrent som budsjettert. Avdragsutgiftene vart 1,9 mill.kr mindre enn budsjettet. Samla vart netto finansutgifter ca. 6,4 mill. kr lågare enn justert budsjett. Til samanlikning var netto finansutgifter i 2022 på kr 65 135 769.

Alle tal i heile 1 000
Renter og avdrag på lån til investeringar Rekneskap Rekneskap Rekneskap Rekneskap Rekneskap Rekneskap
2023 2022 2021 2020 2019 2018
Renter løpande lån 37 979 25 082 21 027 24 111 28 526 25 498
Avdrag løpande lån 41 165 37 790 39 442 39 084 34 322 31 882
Sum renter/avdrag 79 144 62 872 60 469 63 195 62 848 57 380
Nøkkeltal 2023 2022 2021 2020 2019 2018
Renter og avdragsutgifter i prosent av brutto driftsinntekter 9,7 7,95 7,98 9,22 9,61 9,15
Netto finansutgifter i prosent av brutto driftsinntekter 6,92 8,1 6,14 8,38 7,43 8,82

Renter og avdragsutgifter i prosent av brutto driftsinntekter viser kor stor del av brutto driftsinntekter som er bunde til tilbakebetaling av lån. Netto rente- og avdragsutgifter i prosent av brutto driftsinntekter viser ein auke frå 9,15 prosent i 2018 til 9,7 prosent i 2023.

Netto finansutgifter i prosent av brutto driftsinntekter viser kor stor del av brutto driftsinntekter som er bunde til tilbakebetaling av lån, korrigert for finansinntekter. Det har vore ein nedgang frå 8,82 prosent i 2018 til 6,92 prosent i 2023. Oversikta over syner at avkastninga frå forvaltninga har stor påverknad på kor mykje av brutto dritsinntekter som er bunde til å dekkje finansutgifter.

Alle tal i heile 1 000

Avkastning på kapital frå langsiktige kapitalplasseringar

Avkastning på kapital frå langsiktige kapitalplasseringar

Bank / forvaltar: Marknadsverdi/saldo pr. 31.12.2023 Renter / avkastning 2023
ODIN 45 477 4 672
Sparebanken Møre bankinnskot, aksjar, obligasjonar, eigenkapitalbevis. 94 664 9 385
Sum: 140 141 14 057

I tidsrommet 2000 – 2023 har Giske kommune hatt ei gjennomsnittleg årleg avkastning på 8,563 million kroner per år, dvs. 205 million kroner over 23 år.