MÅL

Giske kommune skal ha ein berekraftig kommunal økonomi

Giske kommune skal ha ein berekraftig kommunal økonomi

MÅL Det skal vere økonomisk balanse i drifta kvart år i planperioden Netto driftsresultat skal vere 1,75% av brutto inntekter frå 2023 Det skal avsetjast til disposisjonsfond kvart år i perioden. Disposisjonsfondet skal vere 10% av brutto driftsinntekter innan 2027.
Korleis lukkast Alle einingar må tilpasse tildelt budsjettramme Alle einingar må tilpasse tildelt budsjettramme
Korleis måle Netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter Av Rekneskapsmessig meir/mindreforbruk skal 1,75% av brutto drifsresultat setjast av til disposisjonsfond
Resultatmål 2023 3 - 5 % - 0,66 % kr 1 138 1,88 %
Resultat 2023 0,37 % 0,37 % kr 21 631 020 5,8 %
*Henta frå budsjett, alle tal i heile 1 000.

Giske kommune har handlingsregel for økonomisk berekraft, jf. tabell under, som viser måla som er fastsett i økonomiplan og indikatorar for rekneskap 2023.

Handlingsreglar, retning for dei kommunale tenestene i planperioden

Handlingsreglar, retning for dei kommunale tenestene i planperioden

Nøkkeltall Vedteke nivå Resultat 2023 Resultat 2022
Netto driftsresultat i % av driftsinntekter 3-5% 0,37 % 4 %
Disposisjonsfond i % av driftsinntekter 5-10% 5,84 % 4,57 %
Netto finansutgifter i % av driftsinntekter 2-3% 6,96 % 8,1 %
Netto lånegjeld i % av driftsinntekter Maks 100% 142 % 140 %
Avvik frå budsjett (netto driftsresultat) 0,5-1% 118,7 % 469 %
Måltal vedteke i k.sak 52/19

Modellen for økonomisk berekraft set krav til langsiktig økonomistyring av kommunen. Handlefridom og robustheit er berande element i modellen. Kommuneøkonomien skal kunne handtere uforutsette hendingar utan at det får konsekvens for tenestetilbodet samtidig som generasjonsprinsippet vert ivareteke.

Kommunen har auka disposisjonsfondet, og Giske kommune er dermed mindre sårbare overfor svingningar.