Utdrag av Giske Kommune sin rekneskap for 2019

Økonomisk oversikt drift - inntekter

Økonomisk oversikt drift - Driftsutgifter


Løn og sosiale kostnader utgjer ein stor del av kommune sine utgifter. Det vart i 2019 utbetalt 236 496 mill. kr i fastløn, ei auke på 6,87% frå 2018, men 1,92% under budsjett. Teknisk Beregnings- og Statistikkutvalget for Kommunesektoren (TBSK) rekna årslønsveksten fra 2018 til 2019 til 3,5 prosent for kommuneansatte. Variabel løn (unntatt sjukevikar over 16 dagar og permisjonar med refusjonsrett) hadde eit meirforbruk på 13,4 mill kr, 24,4% meir enn budsjett og 17,1% mindre enn i 2018. Sosiale kostnader vart ca 600 000 kr (-0,68%) under budsjett. Dette skriv seg i hovudsak frå endringa i premieavviket og bruk av premiefond.

Giske kommune hadde eit mindreforbruk høve budsjettert løn og sjukelønsrefusjon på 1,5 mill kr i 2019. Dette kjem i hovudsak frå premieavvik som vart 3,6 mill. kr høgre enn budsjettert og bruk av premiefond med 4,6 mill kr. Pensjonskostnadane vart 2,1 mill. kr høgre enn budsjettert.

Netto driftsutgifter per rammeområde

Netto driftsutgifter per rammeområde
Regnskap Buds(end) Budsjett Regnskap
2019 2019 2019 2018
1 POLITISK STYRING 4 155 4 115 3 806 3 983
2 KOMMUNE LEIING - STAB 18 053 17 525 17 454 16 847
3 FELLESUTGIFTER/FELLESINNTEKTER 2 263 10 020 11 498 2 223
4 DIVERSE TENESTEOMRÅDE 9 168 8 317 7 710 10 020
5 OPPVEKST 211 678 203 207 195 622 201 600
6 BARN, FAMILIE, HELSE 40 291 39 082 37 968 44 018
7 PLEIE, OMSORG OG SOSIAL 146 953 140 005 134 990 128 947
8 MILJØ OG KULTUR 8 636 8 582 8 549 8 610
9 TEKNISK 56 260 49 054 47 415 51 513
10 KYRKJELEGE FØREMÅL 5 031 4 948 4 948 4 907
Sum rammeområde 502 487 484 855 469 960 472 668

Om ein samanliknar med rekneskap i 2018 justert for pris- og lønsvekst på 3,2% ser ein at driftsnivået har auka tilsvarande 14,7 mill. kr.