Barnehage og styrka tilbod (førskuletilbod)

Barn i barnehage 2008-2019

Giske har 6 private og 2 kommunale barnehagar. Så og seie alle barn som går i barnehage, har full plass.

Det er framleis vanskeleg å få tilsett nok pedagogar med godkjent utdanning i nokre av barnehagane våre. Auka pedagognorm gir fagleg styrking og aukar driftskostnadene. Samtidig blir det vanskelegare å få tak i nok pedagogar.

Barnehagane har saman med barneskulane vore med i det fem-årige realfagsprosjektet under overskrifta "Frå det undrande til det problemløysande barnet". Prosjektet vart avslutta i 2019 med fokus på teknologi og kreativ bruk av digitale verktøy som eit hjelpemiddel mot å nå målet.

Digitale arbeidsmåtar er no ein naturleg del av arbeidet også i barnehagane.

På barnehageområdet har Giske og Sula kommuner hatt eit tett samarbeid, først og fremst med implementering av ny rammeplan gjennom prosjektet "To fram" der firmaet "Ringer i vann" er fagleg ansvarleg.

Kommunale barnehagar

Vigra barnehage hadde 61 barn, av desse var 14 under 3 år (ca. 23 %), Alle hadde full plass.

Korttidsfråværet i 2019 var 1,6 %, langtidsfråværet var 11,3 %.

Satsingsområde har vore knytta til realfagsprosjektet. Barnehagen har fokus på å legge til rette for gode opplevingar der barna får oppleve meistring og undring. Barn er både utforskande og vitebegjærlege, og barnehagen meiner at arbeid med realfag over fleire år har heva både motivasjon og kunnskapsnivå blant barna.

Giske oppvekstsenter, barnehage hadde 65 barn, av desse var 22 under 3 år.

Korttidsfråveret i 2019 var xxxx, og langtidsfråveret var xxxxxDei hadde sjukefråvær på 18,2 %.

Barnehagen har hatt mange satsingsområde - livsmeistring og psykisk helse, samarbeid med foreldre, utvikling, leik, læring og teknologi, realfagsprosjektet og "To fram".

Ny styrar var på plass i januar 2019 og starta eit målretta arbeid med verdisyn, barnesyn og læringssyn. Dette er eit krevjande arbeid, men vi ser at arbeidet gir eit resultat både innad i personalet og utad blant foreldregruppa.

Styrka tilbod til førskulebarn

Styrka tilbod til førskulebarn omfattar både spesialpedagogiske tiltak og tilrettelegging for barn med særlege behov.

Spesialpedagogane i førskulen er tilsett i kommunen, og teamet hadde i 2019 5,7 årsverk. Av dette går 0,3 årsverk til arbeid med minoritetsspråklege barn, finansiert av øyremerka tilskot. Det er avsett 0,4 årsverk til teamleiar, som har ansvaret for å fordele arbeidsoppgåvene for spesialpedagogane og følgje opp arbeidet med tilbodet i barnehagane.

Om lag 4,2 årsverk er knytt til enkeltvedtak om spesialpedagogiske tiltak. Dei resterande 0,8 årsverka er plassert ute som ekstra personale på barnehagane, og går til ekstra timar til barn med vedtak, deltaking på møte og rettleiing til barnehagen. Når det oppstår behov for meir spesialpedagogisk hjelp, blir det tatt av denne ressursen.

Når behovet er meir assistent, set dei private barnehagane inn ekstra bemanning og får refusjon frå kommunen til dette.