Kulturkontoret

Måloppnåing

  • Stien på sør og vestsida av flyplassen som knyter saman Sørestrandvegen med Synesvegen, er fullført. Mange har etterlyst fast dekke på stien, men det låg ikkje inne i prosjektet. Dette er eit resultat av godt samarbeid mellom Avinor, Fylkesmannen, sysselsettingsprogrammet, kulturkonsulent og teknisk eining.
  • Tursti ytst på Molnes som gir lettare og meir synleg tilkomst til Molnes naturreservat vart etablert I juni I samarbeid med grunneigar, teknisk uteseksjon og avdelingsingeniør), Fylkesmann og kultur v/ kulturkonsulent og frivilligsentral.
  • Roald kystbatteri. Har fått på plass grunneigaravtalar for utplassering av ein del informasjonsskilt, skilt er under planlegging. Vi har utarbeidd eige informasjonsskilt, og tre mindre skilt er sett opp i området. Fylkeskommunen ønskjer at kommunen skal følgje opp dette tiltaket med å merke alle restane på Budafjellet med namn på bygningar / ruinar. Dette utgjer opp mot 90 enkeltskilt, og er foreslått utført i 2020. Fylkeskommunen vil gå økonomisk inn i dette tiltaket, men Giske kommune må også stille med ressursar.
  • Einingsleiar er kommunen sin kontaktperson overfor Alnes og den UKL-status dei har fått (Utvalde KulturLandskap i jordbruket). 
    Alnes er eitt av 45 UKL-område I Noreg. Giske kommune fekk ansvar for dette frå 01.01.2020. Tanken er å kjøpe tenester frå Ålesund kommune sitt landbrukskontor til å ta seg av dette arbeidet. Dette blir eit spennande arbeid å vidareføre etter at Fylkesmannen har hatt ansvar sidan Alnes kom med i ordninga i 2017.
  • Vi fekk tilslag om midlar frå både Riksantikvar (til kulturminne på Valderøya) og hos fylkeskommunen / -konservator (krigsfort på Budafjellet, Vigra). Kulturkonsulenten har fått avtale med grunneigarar og har hatt befaringar saman med fylkeskonservator for å avklare innhald tekst, plassering av informasjonstavler m.m. Informasjonsskilt er produsert og klart til utplassering når våren kjem.
  • Kulturkonsulenten har sett i gang arbeid med rullering av kulturminneplanen for Giske.