Psykisk helsearbeid

Psykisk helseteam barn og unge (PHBU) følgde opp 75 barn, unge og familiar i 2019. 54 nye tilvisingar. Psykisk helseteam kutta 1 årsverk frå 1.7.2019 og psykolog gjekk ut i permisjon i august. Tenesta hadde då berre 1 årsverk igjen som har levert tenester.

Kommunen har styrkja sitt lovpålagde krav om å yte psykisk helsehjelp til barn og unge. Tenesta arbeider innan fagfelta til både helsestasjon, PPT, barnevern og BUP. Dermed bidrar tenesta i å styrkje og avlaste desse tenestene. Dei har eit godt samarbeid og ei god arbeidsfordeling. Kommunen har lukkast i målet om at tenesta skal vere eit lavterskeltilbod ved å vere tilgjengeleg for befolkninga, gje rask respons og sørge for enkel tilvisingsprosess.

Tenesta har eigen vakttelefon, som er tilgjengeleg i vekedagane. I tillegg kan ein tilvise per telefon. Grunna lav bemanning i teamet, har førebyggjande arbeid blitt nedprioritert. Dette er arbeid som førebyggjande arbeid på systemnivå, foreldregrupper og grupper av tilsette i skular og barnehagar. Kommunen har prioritert å levere kun lovpålagte oppgåver. Det vert tildelt fleire og større lovpålagte tenester innan helse- og omsorgstenestelova, og bidreg med viktige tiltak innan barneverntenesta. Spesialisthelsetenesta, ved Barn- og ungdomspsykiatrisk avdeling, har begrensa inntak og oppfølging, noko som gjer at det ligg større ansvar til kommunen å yte tenester både i mengde og i alvorlegheitsgrad innan rus og psykiatri.