Barnevernstenesta

Barnevernstenesta: 45 meldingar,4,7% fristbrot, 92 barn med tiltak, barn under omsorg 12. På grunn av vakansar har vi ikkje klart å halde oss innan fristen.

Tenesta nådde ikkje målet om 0 i fristbrot. Resultatet vart 4,7%. Alle meldingane vart gjennomgått innan 1 veke. Tiltaka som vart sett i verk for å effektivisere saksbehandlingsarbeidet har vore vellukka. Har framleis utfordringar med å følgje opp og evaluere tiltaksplanane. Tenesta nådde målet om å lukke avvik om manglande oppfølging av barn i forsterheim. Det vart prioritert ressursar til dette arbeidet. Alle tilsette har gjennomført kompetanseheving, innan metoden ICDP. To tilsette tek vidareutdanning i barnevernfagleg arbeid. Brukarundersøkinga vart ikkje gjennomført i 2019, då der ikkje var nok ressursar. Dette er sett opp igjen som mål i 2020.

Det er gjort strenge prioriteringar på kva oppgåver som må utførast og la dei mindre alvorlege vente. Giske kommune deltok i Ålesund barnevernvakt frå hausten 2019. Før dette deltok vi i felles barnevernvakt med Sula, Sykkylven og Stranda. Barnevernvakta er viktig for å styrkje akuttfunksjon og beredskapsomsyn. Psykisk helseteam deltek i fleire av sakene som kjem til barnevernet, både før og etter ei undersøkingssak. Samarbeid og å auke kompetanseni andre tenester er viktig for å styrkje det totale tilbodet til barn og familien. Barnevernet har styrka sitt repertoar og kvaliteten på hjelpetiltak med fleire varierte og skreddarsydde tiltak.

Kostra, barnevern 2019

Kostra, barnevern 2019
Nøkkeltall Enhet Giske Kostragruppe 10 Landet uten Oslo
Netto driftsutgifter til barnevernstenesta pr. innbyggar 0 -22 år kr 4649 8541 8387
Barn med melding ift innbyggarar 0 -17 år Prosent 3,9 4,7 4,6
Prosentandel barn med undersøking ift innbyggarar 0-17 år Prosent 4,4 4,9 4,8
Barn med barnevernstiltak ift innbyggarar 0-22 år Prosent 4,7 4,8 3,8
Brutto driftsutgifter pr. barn med undersøking eller tiltak kr 46 353 50 410 54 645
Brutto driftsutgifter pr. barn som er plassert av barnevernet kr 291 368 395 071 442 333
Barn med undersøking eller tiltak pr. årsverk antall 26,1 21,5 19,2
Undersøkingar med handsaming innan 3 mnd Prosent 80 86 88