Heimebaserte tenester

Det vert levert heimebaserte tenester både i bukollektiv, bufellesskap, omsorgsbustader, i heimen til brukaren, som BPA og kvardagsrehabilitering. Heimebasert teneste er den største tenesta i omsorgsdistrikta og vert gitt til alle brukarar i alle aldrar. Den står føre ei tid med fokus på tenesteutvikling, tverrfagleg samarbeid, digitalisering og nye arbeidsmetodar. Tenestene er i tett samarbeid med tildelingskontoret i vurdering og utmåling av teneste. Målet er at brukaren vert sjølvhjelpt så langt som råd og skal bli meir aktiv i eige liv. Kvardagsrehabilitering er implementert som fast teneste i kommunen og heimesjukepleien har fått opplæring i modellen. Denne skal vere ein aktiv del av tenesteytinga. Det vert framover ei tett vurdering opp mot kva ein kan tildele av velferdsteknologisk løysing som første val. Tenestene merkar ei auke både i tal brukarar og kompleksitet innan pleie og omsorgstenestene. Nye måtar å yte teneste på vert avgjerande for at kommunen skal klare å møte framtidige behov.

Tal brukarar av tenester

Aldersfordeling