Rådmannen har ordet

2017 er historie. Det var eit spennande år for Giske, ny ROBEK-kommune som vi vart frå september 2016. Spørsmåla som følgde oss gjennomheile året var om vi ville klare å dekke inn første delen av gamle økonomiske «synder», og samstundes levere gode nok tenester.

Gamle økonomiske «synder» var eit rekneskapsmessig underskot på vel 17 millionar, opparbeidd over 2 år (2014 og 2015), som kommunen ikkje klarte å dekke inn i 2016. Målsettinga er at underskotet skal betalast ned over 3 år i 2017, 2018 og 2019 med ca 5,7 millionar kvart av åra.

Vi nådde målsettinga i 2017, takka vere ei solid avkastning på pengar som er plasserte i fond. Vel 13 millionar i netto driftsresultat bidrog til å redusere det opparbeidde underskotet. Dette er i tråd med målsettinga. Kommunen kan samstundes setje av litt pengar til disposisjonsfondet.

Å kome ut av ROBEK er ei sentral målsetting for kommunen. Sunn økonomi gir føreseielege rammer for tenesteproduksjonen vår, og er avgjerande for å nå måla innan andre satsingsområde:

  • Næringsutvikling
  • Teknologibasert tenesteutvikling og digitalisering av tenestene.
  • Partssamarbeid som grunnlag for utvikling av gode arbeidsmiljø og gode tenester

Arbeidet vårt i 2017 har vore prega av desse satsingane:

Gjøsund Hamn, ny nasjonal fiskerihamn, må seiast å vere eit flaggskip i kommunen si satsing som fiskerikommune. Våren 2017 vart prega av arbeidet med å få hamna inn i Nasjonal Transportplan (NTP) 2017 – 2029. Gjennom eit aktivt og målretta samarbeid mellom lokalt næringsliv og politisk leiing/formannskapet vart målet nådd.

Omstillingsprogrammet «Tenesteutvikling gjennom digitalisering og bruk av ny teknologi» vart godkjent av kommunestyret i juni 2016. 2017 vart første heile året i denne satsinga. Nye verktøy og tekniske løysingar er introdusert i tenestene i løpet av året (døme er: digital oppvekst, digitalt barnevern, ny kartløysing, elektronisk låsar i heimetenesten) og fleire kjem. Vi ser effektar mellom anna ved at vi leverer tenester til fleire innbyggjarar utan tilsvarande auke i tal tilsette. Arbeidet er spennande og krevjande då både kommunen sine tilsette og brukarane våre må innstille seg på forandring og at ting vert gjort på måter vi ikkje har prøvd før. Takhøgda for prøving og feiling har vorte testa og vonleg utvikla undervegs i dette arbeidet.

Den siste store satsinga i 2017 har vore vidare utvikling av samarbeidet mellom arbeidsgivar og tillitsvalde for dei ulike arbeidstakargruppene i kommunen. Eit godt partssamarbeid er avgjerande for å utvikle tenestene våre og skape gode arbeidsmiljø. Giske kommune er ein stor arbeidsgivar. Vi har kompetanse som dekker alle kritiske fagområde, og har klart å rekruttere spisskompetanse til nye faglege satsingar som til dømes psykisk helseteam for barn/unge og psykisk helsteam for vaksne. Den faglege satsinga og den daglege innsatsen frå kompetente og engasjerte medarbeidarar innan alle tenesteområda skal gi den einskilde brukar opplevinga av å kunne stole på oss.

Ikkje alt i 2017 gjekk på skinner. Vi har framleis mykje å strekke oss etter. Klagene som kjem på dårleg service, lang ventetid og sein saksbehandling tek vi på alvor. Vi har eit sterkt ønskje om å utvikle «kultur for forbetring». Som brukar og innbyggjar skal du kjenne deg trygg på at du vert tatt på alvor når du vender deg til kommunen. Sjølv om eit avslag framleis kan verte eit avslag, skal du kjenne att våre grunnleggjande verdiar i møte med ein tilsett:

RESPEKT, LØYSINGSVILJE, ENGASJEMENT, KVALITET.