Grunnskule

Måloppnåing

Det blir kvart år lagt fram ei melding om kvalitet, mål og resultat for grunnskulen jf. sak 066/17 - Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen 2016. Kvalitets Og Utviklingsmelding 2016

Denne årsmeldinga er mindre detaljert når det gjeld måloppnåing og tek berre med nøkkel informasjon for å få fram kostnads- og ressursutviklinga. Meldinga viser at skulane sine eksamensresultat i 2016-2017 ligg nivået i fylket (i parentes): Engelsk 4,2 (3,7), Matematikk 3,7 (3,4) og Norsk hovudm. 3,5 (3,4), sidemål 3,5 (3,3). Det var høgare nivå også i 2015-2016, men endå betre siste året. Det kan ikkje seiast at det er digitalisering eller prosjekta som er årsak, men uansett er det positivt.

Innan oppvekst vart det arbeidd med fleire prosjekt som alle grip inn i kvarande på ulike måtar med mål om å gi betre tilpassa tilbod i daglege og framtidige behov. Giske oppvekstsenter kom i gang med eit spanande og aktuelt miljøprosjekt med foreldra som viktige medspelarar: resirkulering, avfallssortering og kompostering og strandrydding. Samspelskommunen i praksis.

Framtidsbarnehagen og Framtidsskulen.no!

Framtidsbarnehagen og Framtidsskulen.no! var det overgripande prosjektet, og ein del av kommunen sitt omstillings- og digitaliseringsprosjekt Giske.2030. Nettbrett i opplæringa og bruk av Facebook opna for tettare samarbeid og dialog mellom dei tilsette, med elevane og med foreldra. Digital dialog har erstatta papirmeldingar. Med nettbrett kan læraren t.d. gi direkte munnleg og skriftlege kommentar på eleven si leselekse og skriftlege arbeid. Foreldra får del i denne kommunikasjonen. Når det foreldrekonferansen vart det prøvd ut nye variantar der eleven med bruk av nettbrett presenterte eit av sine arbeid og fekk delta aktivt i samtale. Med denne praktiske tilnærminga vart utbytte, engasjement og forståing for læringsarbeid og -resultat meir givande og interessant.

Koding og programmering skapte stor interesse men skal utviklast vidare. Ved Godøy skule starta ein doktorgradsstudent på ei kartlegging av læringsutbytte med digitale læremiddel ("Multi- Smart Øving"). Vigra skule arbeidde tett med ein forskar frå Høgskulen i Volda (HVO) med vurderingspraksis og arbeid med multiple tekstar, og i "Digihand» om digital versus tradisjonell opplæring /handskrift. Tverrfagleg innsats fekk gode tilbakemeldingar. Innan spesialpedagogiske tiltak var TALK-prosjektet (Teknikk og ArbeidslivsKunnskap) høgast prioritert med mål om betre tilrettelegging for elevar innan autismespekteret. Skulane la vekt på betre bruk av kompensatoriske læremiddel til elevar med dysleksi gjennom kurs og gjennomgang i kollegia.

Etablering av skaparverkstadar på Giske og Vigra gir ein god arena for praktisk og kreativt arbeid, innovasjon som vi skal leve av i framtida. Saman med NTNU sitt tilbod om innovasjonslab/Newton-rom vil dette kunne gi inspirasjon og fagleg påfyll.

Rullering av kvalitetsplanen

I rullering av kvalitetsplan for oppvekst 2018-2021 vart nasjonale føringar og kommunale prioriteringar lagt til grunn saman med erfaringar frå prosjekta ein har hatt og digitaliseringsarbeidet. Fokus i planen er livsmestring som også inkluderer livet i det digitale samfunn. I samarbeid med psykisk helseteam og skulehelsetenesta kom ein i gong med livsmeistringsteknikkar for barn (Hjelpehanda). Djupnelæring som prinsipp gir god meining og auka forståing.

Realfagskommunen og digitalisering

Realfagskommunen Giske (nasjonalt prosjekt), Ungdomstrinn i utvikling (nasjonalt prosjekt), og vidareutvikling digitale verkty og arbeidsmåtar skapte endring med meir praktisk læring. Fomstilling som utfordrar . Det vart arrangert to større konferanser: Digital oppvekst (15.mars, med 400 deltakarar) og Energisk (18. oktober) med vekt på arbeid i klasserom og avdelingar (barnehagen). Saman med eksterne krefter som Andreas Wahl, nasjonale og internasjonale eksperter viste våre eigne tilsette opplegg frå kvardagen i barnehagar og skular. Dette arbeidet vart følgt opp både før og etter konferansene. Med stor eigeninnsats og konferanseavgift gjekk digitaliseringskonferansen i balanse. Prosjekta tilførte barnehagar og skular mykje god kompetanse og skaparkraft som utvikla opplæringstilbodet.

Økonomi

Grunnskulen nådde ikkje det økonomiske resultatmålet, sjå kommentar under økonomi oppvekst. Likevel ser ein at Giske kommune samanlikna med vår kommunegruppe driv grunnskulen meir effektivt, sjå diagram:

KOSTRA - Samanlikning Giske kommune og vår kommunegruppe (gruppe 11) - Netto driftsutgifter pr. elev

Spesialundervisning i %

Eksamenssresultat 2012-2013 til 2016-2017

2016-2017 fordeling på skular: elevtal, barn i SFO, skyss, norsk 2 (framandspråklege) og årsverka

2016-2017 fordeling på skular: elevtal, barn i SFO, skyss, norsk 2 (framandspråklege) og årsverka
2016-17 Elevtal 1.-7. klasse Elevtal 8.-10. klasse Barn i SFO Elevar med skyss Elevar med norsk 2 Årsverk adm Årsverk lærar Årsverk assistent Sum lærartimar til undervisning
Giske Oppvekstsenter 88 0 28 0 3 0,9 8,84 2,63 6 555
Godøy skule 111 75 40 93 2 1,5 16,68 2,08 11 742
Valderøy barneskule 435 0 143 2 19 2,5 30,61 6,67 22 685
Valderøy ungd. skule 0 267 0 90 5 1,63 22,03 1,01 14 452
Vigra skule 208 0 68 80 4 1,7 15,63 2,37 11 581
842 342 279 265 33 8,23 93,79 14,76 67 015
Elevar ved private skular: 12 elevar gjekk ved private skular: 6 på barnesteget og 6 på ungdomssteget. Dei fordeler seg på Aalesund International (3), Steinerskolen (5) og Møre ungdomsskule (4) i Ålesund. I vårsemesteret var det 4 elevar.

Personale

Nyrekruttering viser seg som ei komande utfordring saman med kompetanseheving av generelt, med digitale utfordringar og livsmestring som sentrale. Nye kompetansekrav i grunnskulen (30/60 studiepoeng i faga matematikk, norsk og engelsk) gjer at ei rekkje lærarar må ta vidareutdanning. I 2017 var 12 lærarar i utdanning, dei fleste med permisjon. Dette er krevjande både for tilsette og skular då det fører til auka vikarbruk. SRO har over år fått til regionale tilbod lagt til Ålesund for vidareutdanning av leiarar og lærarar noko som sparer utgifter og reduserer tidsbruk for deltakane. Valderøy ungdomsskule melde seg som praksisskule for Høgskulen i Volda noko som også kan gi kompetanseløft og vere til gjensidig nytte. Eit par andre skular vurderer også å søkje om å bli praksisskular - å knytte praksis og forsking saman er framtidsretta i eit samfunn der livslang læring blir normen.

Sjukefråværet gjekk opp, men varierte noko (i parentes 2016): Vigra 11,2 (5,9%), Valderøy barneskule 6,7 ( 5,3%) ,Giske 7,8% (7,3%), Godøy3,8% (3,3%) og Valderøy ungdomsskule 9,9% (7,1%) . Vikarbruken har vore avgrensa med omorganisering og ekstra innsats for å få forsvarlege tilbod. Høgt sjukefråver er krevjande for skulane. Ved langtidsfråver blir det nytta fast vikar. Kommunen er IA-bedrift og saman med personalavdelinga, arbeidslivssenteret Meidi3 vart det arbeidd systematisk med arbeidsmiljø og tilrettelegging.

Elevtalsutvikling 2012/13 til 2016/17, årsverk undervisningspersonale i alt og derav % del med godkjent utdanning