Kulturkontoret og frivilligsentralen

Måloppnåing

Kulturkontoret og frivilligsentralen gjennomførte "bålsamtale" på øyane Giske, Valderøy og Vigra for å engasjere og styrke samarbeid med lokale krefter: Bygging av tursti på vestsida, rundt flyplassen. Samarbeid med nærmiljøutvalet på Giske om 100 meterskogen. Synfaring og oppfølgingsmøte på Molnes og Roald med grunneigarar for å gi god tilgang for ålmenta til naturen, men her må alternativ vurderast nærare. Alnes fekk status som utvald kulturmiljø og landbruket noko som gir høve til å søkje statlege midlar til utvikling. Gjennom denne ordninga fekk kommunen midlar til skilting i tråd med den utarbeidd sti-, løype- og skiltplan for Alnes. Det vart alt i alt skapt eit grunnlag for samarbeid som er avgjerande for trivsel og folkehelse for innbyggarane.

I regi av frivilligsentralen deltok meir enn 100 personar i oppdrag ute i felten med tilbod til ulike brukarar saman med frivillege og lag og organisasjonar. Samarbeid med NAV om kommunalt sysselsettingstiltak gav god effekt for dei som var med i programmet. Dette arbeidet er til allmenn nytte, og for kommunale einingar. Det var lagt vekt på å bygge strategiske alliansar for å få meir ut av kvar krone, gjennom samskaping med sponsorar, innbyggarar, kulturliv og samfunnet elles. Slik vart kjøpt inn fire sykkeltaxiar som vart svært populære til turar innan omsorg.Elles var det dei vanlege aktivitetane med kafé på Giske omsorgssenter, seniordans, konsertar m.m. Eit anna viktig tiltak er "kulturtilbod til alle" til barn, ungdoms og deira familiar med open hall som vart realisert ved hjelp av eit statstilskot på kr 350.000 saman med NAV, flyktningkontoret, Barn/familie/helse og idrettslaga. Samla skaper dette god folkehelse.

Arbeidet med tilrettelegging for friluftsliv og folkehelsetiltak gjennom skilting, planar for parkering og avtalar med grunneigarar blir vidareført i 2018 og kan realiserast med hjelp av midlar frå fylkesmannen m.fl. Avfallshandtering og WC treng eigne midlar for å kome på plass, både investerings-og driftsmidlar.